Skulen – ein arena for fellesskap og læring

Førre veke har vi hatt skulestart i kommunen vår, og det har for mange elevar vore deira aller første skuledag. Det er stor stas, både for foreldre og ungar. Elevane vert no ein del av eit læringsfellesskap, som både skal legge til rette for personleg vekst, kunnskapsutveksling og venskap.

Mange av dei viktigaste eigenskapane vi som medborgarar har, får vi med oss frå skulen. Å dele, å ta gode og reflekterte val, å ikkje forhaste oss, sjå to sider av ei sak og å vise omsorg for våre medborgarar. Skulen har vore, og er framleis rett og slett ein utruleg viktig arena for danning, og difor må vi halde fram med å legge til rette for at det skal vere slik.

Nokre av dei viktigaste faktorane for skulen vår er kvaliteten på læringsprosessane, gode lærarar og trivsel. Korleis kan vi sikre oss at desse faktorane er til stades? Det første går ut på at elevane må vere trygge på at lærarane deira er motiverte og har den faglege tyngda og erfaringa som trengs til å vere gode pedagogar.

Gode lærarar er eit resultat av pedagogisk og fagleg utdanning, og erfaring. Difor er det så viktig at skulane våre har lærarar som har teke lærarutdanning. Til dømes er lektorutdanninga for trinn 8-13 ei 5-årig profesjonsbasert utdanning, der studentane fordjupar seg i to undervisningsfag, i tillegg til pedagogikk, didaktikk og lærarpraksis. Etter dei fem åra sit studentane att med både fagleg tyngde og erfaring, som er viktig når ein skal jobbe med å legge til rette for kunnskap, trivsel og læringsglede blant elevane våre. Elevane våre fortener berre det beste, og eit viktig ledd i å sikre det er at lærarane har den kompetansen som krevst, at dei har gode arbeidsvilkår og har tida til å sjå kvar elev.

Barna og ungdomane våre er den viktigaste ressursen vi har, og difor skal vi legge til rette for ein best mogleg skule, som ser alle og legg til rette for at alle skal oppleve meistring. Elevar som opplever meistring, inkludering og fellesskap vert trygge på seg sjølve, og får eit godt grunnlag for å bli aktive, reflekterte og motiverte medborgarar.

Skulen er så viktig fordi det er eit av dei første fellesskapa vi som nordmenn tek del i. Eit fellesskap av elevar som vil lære nye ting i ei lang rekke av fag, men mest av alt lære om seg sjølve og korleis dei er ein del av noko større. For skulen binder oss saman kring visse verdiar, som demokrati, likskap, og brorskap. Difor skal vi halde fram med å styrke den norske fellesskulen – der alle skal ha dei same moglegheitene, uavhengig av storleiken på lommeboka di! Alle skal med.