Ane Barmen er skodespelar og frilans skribent. Ho bur i Oslo, men kjem frå Vågsvåg. Ho hadde denne kommentaren på trykk i papiravisa fredag 20. januar:

Kvinne er kvinne best

Menn spør ofte kvifor kvinner alltid er så fæle mot kvarandre. Kvifor skal dei alltid kritisere kvarandre og vere så kjipe? Kvinner kan visst ikkje unne kvarandre noko. Kan ikkje applaudere kvarandre sin framgang. Er berre sjalu og baksnakkar. Alle saman. Heile hurven.

«Men det er jo litt sånn med jenter, er det ikkje det, då? At det alltid er litt baksnakking og litt dolking i ryggen, liksom? Det må du no innrømme?», sa ein mann til meg ein gong under ein diskusjon. Med glimt i auget og eit kameratsleg dytt i sida. Eg ville vere hyggeleg og gje han rett, men eg greidde det ikkje.

Hadde eg vore tjueto hadde eg sikkert hatt lyst til å vere kul og sagt ja, er du galen?, men eg har blitt trettito og vanskeleg, og eg orkar ikkje lenger å late som.

«Nei», svarte eg. «Sånn er det faktisk ikkje i det heile».

For eg veit verkeleg ikkje kor alle desse ryggdolkande kvinnene gøymer seg hen. Eg kjenner ingen av dei. Det finnast sikkert nokre av dei, men det finnast då verkeleg rikeleg med menn som spenner bein på kvarandre også? Og det har då ikkje med kjønn, men snarare personlegdom å gjere?

Skal eg leite bakover i hukommelsen og sjå på kven som har hjelpt meg mest her i verda er det heller eit påfallande høgt tal kvinner blant dei som har stilt opp for meg. Kanskje spesielt i jobbsamanheng.

Eg er i ein tøff bransje. Eg jobbar frilans som skodespelar, skribent og manusforfatter, og jobbane er få og leggast bortimot aldri ut offentleg. Du får jobb via kjennskap og vennskap. Og absolutt alle bra jobbar eg har fått har kome min veg fordi ulike kvinner har tipsa nokon om meg. Det kan vere tilfeldig. Men det trur eg ikkje.

Eg seier ikkje at menn ikkje har hjelpt meg, for det har dei. Men i mitt høve er det flest kvinner. Dei har stilt opp og gjeve meg informasjon om korleis noko funkar, korleis ein skal skrive søknadar om støtte, korleis manusa mine kan bli betre, korleis eg bør utforme CV-en min, kven eg bør kontakte angåande jobb i den TV-kanalen.

Dei har raust delt av sine røynsler og kunnskapar. Gratis. Utan å forvente noko tilbake.

Poenget mitt er ikkje å lage eit skilje mellom kjønna og snakke om oss og dei. For det trur eg ikkje på. Eg kjenner massevis av bra mannfolk som har hjelpt meg mykje med både det eine og det hitt. Men det er påfallande at dei som oftast melder seg, som tek seg litt ekstra av meg, som strekker seg litt lenger, har i mitt høve vore damene. Klart det finnast kvinner som ikkje hjelper andre kvinner. Men det er fleire menn som ikkje hjelper kvinner.

DET burde vi heller snakke om.