No må feilen rettast opp no – Kinn bør bli delt

Vi i Kinn kommune står ved valets kvalar torsdag 1. september. Skal vi fortsette å stå i Kinn eller skal vi løyse opp? Dersom innbyggjarane er forvirra etter to rapportar som konkluderer med to ulike utfall, så er det for meg forståeleg. Vidare har det den siste tida vore store mengder avisinnlegg med argument både for å behalde Kinn og for å reversere. For nokre innbyggarar spår eg at forvirringa er komplett.

Sjølv har eg eigen erfaring som fast kommunestyrerepresentant, nestleiar i Bordgleder KF og medlem av utvalet Kultur og oppvekst i Kinn kommune. Til sist kan det nemnast at eg også er fotsoldat i kommunal sektor. Erfaringa mi ser eg på som nyttig fordi eg får innsyn i drift av Kinn kommune, og konsekvensar av samanslåing innan fleire område.

Politisk sett er erfaringa mi at kinnpolitikken bognar av konfliktar, og at det er krevjande å vere folkevalt i kommunen. Vi har to samfunn med dels ulike forutsetningar med lang avstand mellom sør og nord. Brukar vi store summar på investeringar på skule og bad i Vågsøy, kjem kuttet hos oss her i sør. Dette skjer gjerne andre vegen også. Usemje og klammeri som kjem av avstand.

Konsekvensen med avstanden viser at vi ikkje kan nytte oss av dei same tilboda som vidare, grunna interessekonfliktar, ender med at ein ikkje får gjort vedtak og dei politiske prosessane er lite effektive. Vi må ha to av alt og det er ikkje dette kommunereforma legg opp til. Vi manglar nok felles interesse for drift av kommunen sine tenester, noko som resulterer i eit uheldig konkurransedemokrati. Samarbeidet er vanskeleg å få til.

Som politikar ønskjer ein å verne om veljarane sine og sitt nærområde. Nærområdet til florøfolket er ikkje Vågsøy og omvendt. Mitt ønske er at vi skal klare å få gode tilbod for innbyggjarane i Kinn. Men ein får ikkje alt det ein ynskjer med et underskot på 70 millionar i ein kommune og der konfliktnivået forverrar seg ettersom tida går. Ein klarer ikkje å satse på både gymsal i Florø, Skram skole, eldrebustadar på sjukehuset i Florø, Kulatoppen i Vågsøy, fotballhall i Florø mot Nordfjordbadet i Måløy, samt to brannstasjonar plassert på kvar sin ende nord og sør i kommunen med ein bilavstand på 2,5 time.

Så kva vel ein helst då? Sjølvsagt ynskjer ein som innbyggar og politikar i Florø, å satse på alt det ein treng i Florø. Kva nytte vil innbyggarane i Florø ha av at ein bygger ny Skram skole der ein vil bruke store summar frå havbruksfondet og kraftmidlar som er produsert i større grad i Florø enn i Vågsøy. Kva nytte vil innbyggjarane ha av å bygge Nordfjordbad i Måløy når vi har Havhesten i Florø?

Ser vi på pendlartal syner desse tala at arbeidspendling mellom Florø og Førde er stor. Florø kan derfor ta ut gevinstar i ein Sunnfjord-region basert på arbeidsplassar i Førde som vi er i bu- og arbeidsmarknad med. Når folk vel å arbeide i Førde, men bu på kysten i Florø viser det tydeleg at Florø har bulystkvalitetar. Dette må vi ta vare på og omfamne, for til sist er det busetting alt dreiar seg om. Auka busetnad gjev kommunale inntekter og born på skulane.

Eikefjord som ligg midt mellom Florø og Sunnfjord har politisk sett blitt tatt godt vare på då vi var Flora kommune. No er eg redd at det er reduserte midlar i framtida for ein plass som Eikefjord der potensialet til utbygging er stort. Om suksessen gjev seg gjeldande i Sunnfjord og Florø, ville Eikefjord lett kunne blitt eit satsingsområde sidan staden er lagleg plassert mellom dette to byane. Vi må sjå til at vi får auka busetnad på rett side av tunellen. Florø står i konkurranse med Sunnfjord om vår bu- og arbeidsmarknad. Vi risikerer ved å forsette å stå i Kinn at meir fokus må leggast på Vågsøy, noko som går på bekostning av Eikefjord og bygdene elles rundt Florø. Forset ein i Kinn, vert logisk sett Vågsøy staden som tar plassen til Eikefjord når ein tenkjer på kvar midlane vert tildelt. Vågsøy vil nok ha større fordel av å vende seg mot sine naboar i nord enn å stå Kinn. For Vågsøy må innsjå og vere førebudd på at administrasjonen havner i Florø ved videreføring av Kinn kommune.

Og som lærar er eg særdeles bekymra for barna si framtid i barnehagen og på skulen der posisjonen har vedtatt eit budsjett med 10 mill. kutt på barnehage og ca. 20 mill. innsparing på skule. Kvar og korleis skal ein hente inn desse innsparingane? Logisk sett så er det minimalt å spare på barnehage og skule i Vågsøy, så desse innsparingane vert lagt til Florø. Med slike innsparingar er det ikkje berre utkantskular som vert nedlagt.

Administrasjonen har auka sitt forbruk ca. 20 millionar etter at vi blei Kinn kommune i 2020. Då vi etablerte Kinn, blei vi lova store ekstra inntekter, noko som vi erfarte at vi ikkje fekk. Fleire politikarar framstiller det som at reisekostnadane er reduserte. Men når ein samanliknar reisekostnadar i pandemiåra med åra då arbeidet med samanslåinga føregjekk, får ein ikkje fram realiteten i kostnadane. Korleis er det mogeleg å ende opp med å måtte kutte 70 millionar, om ikkje utgiftene har gått opp etter samanslåing til Kinn? Og den dårlege økonomien stoppar ikkje der. Kvar ender dette når finanskostnadane på ei rekordgjeld kjem opp i 3,5 milliardar? Ser ein på økonomiplanen for 2025, viser den at det skal nyttast 200 millionar berre på renter og avdrag.

Kinn kommune klarer ikkje forsvarleg å få synergiar og spare pengar over så store avstandar. Kva tid tenker vi at er lenge nok å stå i ein slik dysfunksjonell kommune? I ein kommune der vi ikkje har felles bu og arbeidsmarknad. Næringslivet går som det grin, hevder mange, men det gjorde det jo før vi blei Kinn og. Kommunedirektøren kom med utrekningar der kostnadane ved ei reversering er kalkulert til 27 millionar, samtidig som han uttaler at det vert gjort arbeid for å få summen endå lågare. Vi veit no at staten har lova 15 mill. i støtte til reverseringsprosessen. Om nokre år vil vi sannsynlegvis ikkje få same moglegheita. Ved deling får Florø tilbake sitt ordinære inntektssystem der vi slepp inntektsbortfall når reformtilskotet går ut om 15 år. Då vi slo saman til Kinn, blei deler av inntektssystemet bytta ut med eit tidsgrensa reformtilskot.

Mi oppfordring er derfor at ein bruker stemmeretten sin. Bruk den for å vise kva du meiner i saka. Eg veit utan tvil kva eg har trua på. Eg undervurderer ikkje Florø og heller ikkje Vågsøy. Eg har ein visjon om at gjennom godt samarbeid bygger vi eit sterkt Florø og Vågsøy og forset samarbeidet om ein sterk kyst, men kvar for oss i to ulike kommunar.

Godt val til dykk alle.