I opplæringslova paragraf 9 står det: «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.»

Dette er lovteksten som skal sikre unge menneske eit trygt og godt skulemiljø, på same måte som arbeidsmiljølova skal sikre at dei vaksne har eit trygt og godt arbeidsmiljø. Dette handlar ikkje berre om det psykososiale miljøet, men også det fysiske skulemiljøet. Elevane sin arbeidsplass er skulebygningen og uteområdet som ligg i tilknyting til skulen. Det er i dette miljøet dei legg grunnlaget for resten av livet.

Korleis står det til med tilstanden på skulebygga og uteområda rundt oss? Medverkar alle skulebygga våre til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar både helse, trivsel og læring for våre born og unge?

Dessverre ser det ut som det står dårleg til med det fysiske skulemiljøet fleire plassar. Pedagogar og andre tilsette i skulane gjer ein stor og viktig jobb for å gje elevane ein best mogleg skulekvardag. Men uansett kor god jobb som blir gjort av dei tilsette, kan dei vanskeleg å få gjort så mykje med det fysiske miljøet ved skulen. Der er det skuleeigar som må ta tak.

Føresette, elevar, tillitsvalde og tilsette ved Skram skole i Kinn kommune slår alarm om det fysiske skulemiljøet ved skulen. I 2021 flytta Skram skole flytta ut av eksisterande skulebygg til modulskulen på Tennebø. Dei yngste elevane var frå før plassert i Skramsmarka i Måløy.

– Modulskulen på Tennebø og Skramsmarka i Måløy er ikkje eigna som barneskular i ti år framover, seier foreldra sitt arbeidsutval, tillitsvalde og fleire av dei tilsette ved Skram skole. Dei peikar då på bygningane, uteområda og at elevane er delt på fleire lokasjonar.

No er det opp til politikarane om dei vil gjere det slik at elevane får vere i eit fysisk skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.