Pensjonistar og arbeid

Kommunene har i dag eit skrikande behov for arbeidskraft innen helse og omsorg.

Fram til 1. september 2022 var det høve for pensjonert helsepersonell til å ta arbeid på ordinær vilkår uten pensjonsavkorting. Denne ordninga har no opphørt.

Kommunenes Sentralforbund (KS) vurderte at det framleis kunne oppstå ein pressa bemanningssituasjon i kommunene som følgje av koronapandemien etter 1 september 2022.  KS henvendte seg til Arbeids-og inkluderingsdepertementet (AID) 24. august 2022 og bad dei vurdere og fornye denne ordninga. AID gjorde 2. september i år nødvendig endring av regelverket, noko som har ført til at ordninga er bestemt vidareført frå 10. september 2022.

Pensjonslønnssatsen er avtalt til å være 300 kroner pr. faktisk arbeidt time. Pensjonslønnssatsen gjeld alt nødvendig personell, og er ikkje avgrensa til helsepersonell. Ordninga gjeld til 31.12.2022.

Ifølgje KS vil pensjonistane sitt bidrag ha stor stor betydning for mange kommuner.

Eit fleirtal beståande av AP, SP, H, Krf og V røysta ned eit forslag i Stortinget som kunne ha gitt pensjonistane eit pensjonsløft.

Pensjonsreforma som desse partia tidlegare vedtok har ført til eit pensjonstap på 61 milliardar frå 2010.

Det er vel og bra at noverande regjering lagar kortsiktige ordningar som kan medføre at pensjonistar kan arbeide uten avkorting av arbeidsløna. Det hadde vore mykje betre at sentralpolitikarane innførte varige ordningar uten avkorting av pensjonistane sin pensjon.

Når pensjonistane sidan 2010 har opplevd at etter at gjennomsnittleg lønnsauke er bestemt, reduserer myndigheitene pensjonen med 25%. Då er det ikkje rart at pensjonistane føler seg urettferdig behandla. Vi har ikkje eingong forhandlingsrett.

Når vi no er over 1 million pensjonistar her i landet, så er vi i realiteten ein maktfaktor. Då burde vi kunne utnytte dette overfor sentrale myndigheiter på ein langt betre måte, men då må vi stå i lag.