Om å finne naturverdien til Holmaneset

Bremanger kommune skal finne samfunnsverdien av å ta i bruk naturen i Holmanesområdet. Ei prosjektgruppe sett saman av kommualsjef Karl Vidar Førde og tilsette i Hub for Ocean/Ocean Cluster Hyway og PwC skal leie arbeidet.

Men kven skal finne naturverdien av dette området på land og i sjø? Eg meiner at naturnedbygging må telje tungt i dette reknestykket. Elles blir det slik at naturomsyn berre er eit ord i partiprogramma. Det er viktig at vi òg lyttar til dei unge, som synest å vere mest miljø- og klimamedvetne, jfr. uttalen frå elevane ved Svelgen Oppvekst.

Det er mange som i praksis snakkar ned Bremanger kommune som ein miljø- og klimavennleg kommune ved stadig å ville ofre meir urørt og verdifull natur for å nå kortsiktige økonomiske vinstar. Stadig fleire tar til motmæle mot dette når dei ser den alvorlege natur/miljø- og klimakrisa vi står midt oppe i, jfr. NRK sin ferske rapport om nedbygging av norsk natur. Vi må ta meir ansvar.

I dag veit alle som følgjer med i kor stor grad vi endrar kloden, at mange artar alt er utrydda eller truga med utrydding. Vi veit at mennesket har gått for langt, at vi øydelegg for oss sjølve og for artene vi er i lag med på jorda. Det er internasjonal vitskapleg kunnskapsmessig semje om at vi med våre handlingar har gått lengre enn naturen på kloden toler.

Vi menneske har ei enorm evne til å påverke og øydelegge naturen som både vi og alt anna levande er heilt avhengig av - frå dei miste mikrobar, insekt, soppar og plantar til alt anna levande. Artsrik natur er den beste livsforsikringa vår. Dette må vi her i Bremanger vere med å ta ansvar for å redde frå øydelegging. Tida er inne til at vi òg prioriterer arealnøytralitet i kommunen vår.

Men fleire politikarar ser ut til å miste natursynet, miste naturen ut av syne, når dollarteiknet kjem på netthinna. Alle artar har ein sjølvstendig rett til å leve, og dei er meir av verdi enn pengesetlar. Vi kan ikkje lenger leve og oppføre oss som før. Det er det internasjonal semje om i dag.

Vi har grunnar nok til å stoppe opp no. Det er ikkje for seint å snu. Vi må vere villige å verne det som er att av urøyrd natur i Bremanger – på land og i sjø. Fjernar vi til dømes ein kystfuruskog, heilt eller delvis, fjernar vi den med eit komplekst økologisk samfunn for godt. Det går ikkje an å plante ein ny artsrik skog, berre tre.

Hovudårsaka til naturkrisa er måten vi verdset naturen på i politiske og økonomiske avgjerder. Kortsiktig økonomisk vinst kan ikkje lenger trumfe alle andre omsyn og verdiar. Det vert òg stadig tydelegare at det i dag er ei form for «grøn kolonialisme» på gang, ønske om å bruke norsk urørt natur til kortsiktig «grøn» forteneste – slik at alt i praksis kan halde fram som før.

FN sitt Naturpanel har i ein av sine mange rapportar sett søkelyset på at kortsiktig profitt og vekst ofte skuggar for verdiane i naturen, som er livsgrunnlaget til alt som lever. I nyttårstalen sin i år understreka Kong Harald med stort alvor at dei unge er uroa over natur- og klimakrisa vi står midt oppe i og bad oss, det vil og seie politikarane våre, om å lytte til det dei unge seier.

I Montrealavtalen har Norge lova å stoppe tapet av natur. Då er ikkje naturfiendtleg næringsstøtte forkledd som klimatiltak vegen å gå. Tap av liv i fjorden, av boreal kystfuruskog på Holmaneset, ein skog med kanskje opp til 25.000 artar, må hindrast slik at dei komande generasjonane som skal arve og bu og bruke naturen vår, kan sjå lysare på framtida. Unge treng håp! Vi veit òg i dag at om lag 80 prosent av karbonet i Norge er lagra i skogsjorda og vil ved eit slikt inngrep bli slept ut i atmosfæren.

Mange menneske i dag føler økosorg og mistrivsel når dei mistar naturen i sitt nærmiljø på grunn av irreversible inngrep i skog og mark, i jord og i sjø.

Når vi skal ta avgjerder som får konsekvensar for naturen, er det ofte utfordrande å vege verdiane i naturen opp mot andre samfunnsomsyn som til dømes økonomisk vekst og nye arbeidsplassar. Tida er inne for å ta dette valet. For meg er valet enkelt – eg seier nei til ein hydrogen og ammoniakkfabrikk i Nordgulen.