Utbetring av vegstrekninga 616 Kolset-Davik

Dette er ein veg som det har vore mykje prat om som no må utbetrast. Heldigvis har nokre av partia sett denne viktige saka på dagsorden i sine lovnader til innbyggjarane i samband med komande periode.

Det er Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV, som har det i programma sine.

Høgre skriv dei vil kjempe for ytterlegare utbetringa av strekninga Kalvåg til Davik. Kor på denne strekninga vil Høgre no prioritere utbetringar ?(Etter same modell som i Ytre Bremanger)? Er det mellom Kolset og Davik – ein veg som er i stadig dårlegare forfatning og ikkje minst er ein viktig skuleveg?

Dei andre partia har ikkje nemnt denne dårlege vegstrekninga. Venstre skriv noko generelt om at gode og effektive vegar er heilt nødvendig og ikkje noko konkret.

Vi må truleg sette vår lit til at dei tre nemnde partia får fleirtal slik at denne viktige fylkesvegstrekninga og vert utbetra.

Men eg håpar fleire parti vil love å gå inn for det same i komande periode.

Eller vil dei ikkje det?