Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide (R):

I et par innlegg skal eg freiste å gjere greie for kor vi står og kva vi veit no når det står att godt og vel ein månad til folkerøystinga og påfølgande kommunestyrebehandling av Kinn-spørsmålet. Eg og Raudt har vore klare på at vi meinar heile kommunereforma er feilslegen, pressa nedover kommunane med gulrot og pisk, og først og fremst laga for å bane vegen for auka privatisering av offentlege tenester. Her er vi heilt ueinige med for eksempel Rolf Domstein (H) eller Hogne Bleie (Frp). Dei er i prinsippet veldig for kommunesamanslåingar og støttar opp om denne kommunereforma i det stor og heile. Likevel finn vi kvarandre i synet på akkurat Kinn-prosjektet. Vi er skjønt einige i at denne samanslåinga ikkje er fornuftig, spesielt ikkje for Vågsøy. Kvifor er det slik? La oss gå igjennom mange av dei viktigaste momenta som vil vere avgjerande for mange sitt syn når ein skal bestemme seg i juni.

Eg opplever at mange spør etter fasitsvar på korleis ting vil utvikle seg, anten det no bli Kinn eller Vågsøy vi ender opp med frå 2020. Dei fleste innser at å komme med fasitsvar på korleis samfunnet vil utvikle seg mange år fram i tida ikkje er mogeleg. På mange spørsmål handlar det om å finne ut kva som er sannsynleg. Då handlar det om å lære av erfaringar som er gjort før, her til lands og i andre land som det går an å samanlikne seg med. Skaffe seg det som er tilgjengeleg av forsking og oppsummeringar. Mi erfaring er at skråsikkerhet ofte dekker over det som anten er ønsketenking eller kunnskapsløyse.

Nøkkelspørsmålet

Når vi går til eit så stort skritt som å forandre radikalt på kommunen vi bur i så må det bygge på at vi på den måten ønsker å løyse noko vi elles ikkje ville greie. Vi må få det betre enn vi elles ville gjort. Eg har høyrt elles oppegåande folk som går inn for å endre kommunegrensene berre fordi det er 50 år sia sist vi gjorde det. I mine auge er det eit veldig dåleg argument. Det vitnar om lite innsikt i kor omfattande prosess dette er. Kor dyrt og arbeidskrevjande det er, og ikkje minst kor stor innverknad det kan ha for folk og levevilkår.

Når ein del folk som er tilhengarar av Kinn krev dokumentasjon frå nei-sida på at Vågsøysamfunnet vil klare seg betre utan samanslåing med Flora, så er det å snu det hovudet. Det er dei som vil ha ei spesifikk forandring som må sannsynleggjere at vi får det betre med akkurat den forandringa! Difor høyrer dette også saman med ein gjennomgang av, og felles forståing av, korleis vi har det i Vågsøy. Korleis løyser vi dei oppgavene vi har å løyse som lokalsamfunn? Får vi til gode barnehagar der ungane trivst og utviklar seg? Har vi ein god skule der elevane trivst og viser gode resultat og der er lite mobbing og andre problem? Greier vi å sørge for at dei som treng legehjelp eller pleie og omsorg får det dei treng og fortener? Har vi eit barnevern som passar på og hjelper til så tidleg at vi kan snu det som seinare kunne blitt store problem? Har vi ei jordmorteneste som er der når vågsøykvinnene skal setje nye vågsøyværingar til verda? Og så vidare, og så vidare.

Når vi som er folkevalde får framlagt oppsummeringar av stoda og utviklinga innfor dei ulike sektorar og områder så er i alle fall svaret nokså eintydig: Vi har svært gode tenester med høg kvalitet på det meste. Sjølsagt er ikkje alt perfekt, og vi greier jo å vere nokså ueinige om både det eine og det andre, og mykje kan og bør forbetrast. Det er ikkje poenget. Poenget er at vi i det vesentlege har eit svært godt og velfungerande lokalsamfunn. Det er ikkje slik at Vågsøy kommune på vesentlege område sviktar si oppgåve og ikkje greier å innfri det kommunen skal og bør gjere.

Er det sannsynleg at det vil fortsetje slik? Ja, til og med gjere tenestene og tilboda endå betre? For vi er vel einige om at vi må oppnå ei forbetring dersom det skal vere vits i? Å berre oppretthalde det vi allereie har er vel ikkje nok?

Om fellesnemnda og intensjonsavtalen

På spørsmål eg får og på utsagn på Facebook verkar det som om det endå fins folk som trur at denne fellesnemnda er eit slags forhandlingsutvalg som ein eller annan gong før 01.01.2020 skal legge fram ei framforhandla avtale som så skal til godkjenning i kommunestyret i Vågsøy og bystyret i Flora. Og at det først vert teke stilling til samanslåing eller ikkje. Og at det dermed bør vere fornuftig å vente med å meine noko til denne endelege avtalen ligg føre. Slik er det faktisk ikkje. Denne fellesnemnda si oppgåve er å lage kommunen Kinn. Lage til den kommunale organiseringa slik den skal vere ved oppstarten av kommunen Kinn 1. januar 2020. Og så skal nemnda lage budsjettet som Kinn skal starte å styre etter det første året. Dette er eit viktig arbeid. Dersom Kinn skal fungere frå dag ein må sjølsagt det meste vere på plass og fungere. Men vi må ikkje overvurdere betydninga av det denne nemnda lagar til. For dersom det går den vegen at Kinn blir ein realitet så må vi forstå at når det nye Kinn kommunestyre er vald i september 2019, så er det nye kommunestyret heilt suverent til å gjere sine eigne vedtak. Fellesnemnda er oppløyst og ingen representantar er formelt bundne av den intensjonsavtalen som låg til grunn for danninga av Kinn. Dette er eit faktum som ingen kan bestride.

Difor er det viktigare å sjå på kva som er dei sannsynlege forholda i eit lengre perspektiv. Kva taler for og i mot at dei, meir eller mindre fornuftige, intensjonane dagens politikarar har for prosjektet Kinn vil stå seg over tid? Meir om det i neste del.