Dette lesarinnlegget er skrive av kommunestyremedlem i Vågsøy, Ørjan Kvalheim (H). Innlegget vart halde på folkemøtet om Kinn i Nordfjordhallen 30. mai, og Anett Berg (H), Morten Hagen (H), Amund Gotteberg (H), Kjell Gunnar Tennebø (H), Kristian Skibenes (H), Mats Brunsvik (H), Linda Vika-Svärd (H), samt styret i Vågsøy Høgre, ønsker å presisere at dei støttar innhaldet i innlegget. Styret i Vågsøy Høgre består for øvrig av Vika-Svärd, Berg, Hagen, Skibenes, Stian Hjelle, Øyvind Reed og Stig Solheim.

«Kinn-samanslåinga»

Eg heiter Ørjan Kvalheim og er kommunestyre representant for Vågsøy Høyre. Eg sit også som leiar av Helse- og omsorgsutvalet i Vågsøy Kommune, der saker som ligg under vårt ansvarsområde kjem til behandling.

Til dagleg arbeider eg som kiropraktor i eigen klinikk. Etter snart 3 år i lokalpolitikken vil eg meine at eg kjenner ganske godt til korleis kommunen blir drive, dei prioriteringane som blir gjort og dei utfordringane vi står over for til dagleg og som vi vil møte i framtida.

Vågsøy Høyre er positive til kommunereform og det at Vågsøy blir ein del av ei større kommune. Vågsøy Høyre har vore delt i synet på Kinn. Vi har representantar i kommunestyret som er imot Kinn, vi har dei som har vore i tvil, men samtidig har vi eit tydeleg fleirtal som er for Kinn. For å vere presis så var det 6 av 8 representantar frå Vågsøy Høyre som i kommunestyremøtet den 30 mai 2017 stemte for ei samanslåing mellom Vågsøy og Flora. Eg representerer i dag fleirtalet i kommunestyregruppa og dei som då er for Kinn.

I tida etter at kravet om meir informasjon og deretter folkeavstemming vart høyrt, har vi i Vågsøy Høyre, med stor forventning og spenning venta på prosjektrådmannen sitt forslag til delt kommunesenter og fordeling av leiarstillingar og funksjoner i dei to kommunesentera.

Vi ser no at Vågsøy har fått ein god avtale med Flora. Vi har fått delt kommunesenter og likeverds-prinsippet er lagt til grunn for fordeling av funksjonar og stillingar, og ein er allereie godt i gang med å bygge den nye kommuneadministrasjonen og den nye kommunen.

Vi har fått lagt viktige leiarstillingar til Måløy, der vi har blitt satt i førarsetet, velger å trekke fram det at vi har fått «Kommunalsjef for Helse og Velferd», nok fordi vi er ekstra dyktige, har gode resultat å vise til og har kome langt på dette området, mellom anna i det å ta i bruk velferdsteknologi og legge til rette for at folk skal få bu lengst mogleg heime.

Og ikkje minst har vi fått den nyoppretta stillinga som «Kommunalsjef for Innovasjon og utvikling», som er veldig spennande og som vil passe fint inn i det grunder og IT miljøet som vi allereie har etablert i kommunen, og som vil sette ekstra fokus på vekst og utvikling og nye arbeidsplassar.

Eg har lyst til å bruke den resterande tida til å gå punktvis gjennom det vi i Vågsøy Høyre ser på som dei viktigaste argumenta for Kinn:

1. Val av retning. Vågsøy er ei kystkommune. Vi treng ei offensiv satsing her på kysten og no har vi altså moglegheita til å slå saman to kystkommunar med mange felles trekk, og med mange av dei same utfordringane. Vi har tru på at vi i saman kan skape eit tydeleg felles mål for framtida.

2. Ei stor kystkommune vil gje større politisk makt og meir innflytelse mot det nye Vestlandsfylket. 17.500 innbyggjarar, nest største i S. og Fj. Den vil vere ein pådrivar for å få midlar til betre vegar og infrastruktur, ikkje minst for å få realisert kystvegen, og for betre kommunikasjon langs kysten, også via sjøvegen. Den vil vere med å sikre dei få offentlege arbeidsplassane vi har og sannsynleg bidra til fleire offentlege arbeidsplassar. Den vil utvilsamt skape ein større tryggheit rundt den vidaregåande skulen vår i Poljen, som er særdeles viktig for å kunne behalde dei unge heime lengst mogleg og for å kunne drive idrettslag, korps, speidar etc vidare.

3. Den vil opne opp for eit framtidig bu- og arbeidsmarknad. Det vil gje innbyggjarane fleire moglegheiter i val av arbeid. Vi meiner at Kinn vil bli ei meir attraktiv kommune å flytte heim til og at den vil vere med å snu ei negativ trend i folketalsutvikling og synkande fødselstal, som vi har vore vitne til i mange år.

4. Vi har stor tru på at vi får ein kommuneadministrasjon med større arbeidskapasitet, betre kompetanse, ei meir effektiv plan og næringsavdeling, som igjen vil vere i stand til å gje betre service for innbyggjarane i Kinn.

5. Vi trur at dette er første trinn i kommune reforma, og starten på vegen mot ei enda større kommune. Vi meiner at etableringa av Kinn vil auke sjansen for at Bremanger kjem med frivillig. Vi håper at Bremanger ser at ei stor kyst kommune er den beste løysinga også for dei. Då vil vi ha ei samanhengande stor kystkommune. Framtida vil vise.

Og det er sjølvsagt ein del andre usikkerheits moment i denne kommunesamanslåinga. Økonomien har vi fått belyst av prosjektrådmann og Iversen. Det er forståeleg at mange føler ei viss usikkerheit knytt til dette. Det er eit viktig poeng at dersom vi no lukkast med å bli meir attraktive og få folk til å flytte hit og skape folketalsvekst vil det medføre auka overføringar og inntekter til kommunen og dermed ein betre økonomi.

Kinn sin største ambisjon er positiv utvikling i folketal og fødselstal! Økonomisk vekst! Og betre kvalitet i kommunale tenester og tilbod!

Til sist har eg lyst å seie at ei offensiv haldning, kall det gjerne optimisme og framsnakking, avlar det same i eit samfunn og virke forsterkande. Eg tenker at no har vi begge hender på roret, har satt kursen og kan ta styringa frå start av.

Vi har etter vårt syn behov for ei kursendring og ny giv her i Vågsøy. Eg og Vågsøy Høyre meiner at Kinn er det beste valet for framtida. Vil avslutte med Frank Aarebrot sin tydeleg beskjed: Sørg for å bli eit kraftsenter på kysten, der dokke er store nok til å ha kontroll over eiga skjebne.

Takk!