Vara i Vågsøy kommunestyre, Torstein Hagen (V), har skrive dette lesarinnlegget:

«Min appell: Støtt prosjektet Kinn kommune!»

Appellen er spesielt retta mot dei i Vågsøy som ikkje har stemt endå og er usikre på kva dei skal stemme i den rådgjevande folkerøystinga måndag.

Eg var for Kinn frå dag ein. Det var sjølvsagt ein litt rar tanke i utgangspunktet, men eg kjende fort kor tilfredsstillande det var å kjenne på følelsen av at no, endeleg, klarer vi å samle så mange på kysten at vi får reell makt og innflytelse over vår eiga framtid. Vi kan drive med kystpolitikk for og på kysten! Dette er, og har vore det viktigaste argumentet for meg heile vegen, og mange med meg har eg forstått etter kvart.

All ære til dei politikarane som stemde for Kinn!

Dersom ein så tenkjer

• at Kinn er ein litt sprø og spennande ide

• at vi blir det suverent største kraftsenteret på kysten mellom Bergen og Ålesund

• at Kinn med sine to offensive kystbyar blir ei så stor og spennande kommune, at den i større grad vil kunne konkurrere med dei store byane om arbeidskraft og etableringar

• at ungdomar som har reist ut for å studere, må bli så trigga og fasinerte av moglegheitene i Norges raraste kommune, at dei får lyst å flytte heim igjen

• at Flora og Vågsøy har veldig mange felles utfordringar og moglegheiter

• at vi i Kinn har det aller beste utgangspunktet for bevaring og vidareutvikling av dei vidaregåande skulane. Både tilbod og skular kan fort kome i spel i region Vestland etter 1.1. 2020.

• at vi har fått til ein fantastisk god intensjonsavtale med Flora.

• at vi får deling av makta med sju toppsjefar i Florø og sju i Måløy (einaste i heile landet!)

• at vi får både rådmann, assisterande rådmann og eigen sjef for innovasjon og utvikling i toppleiinga, der det i dei fleste kommunar berre er ein rådmann åleine

• at sjefen for innovasjon og utvikling skal lokaliserast i Måløy

• at Kinn kommune på denne måten vert i stand til å drive aktiv utvikling, og ikkje berre drifte så godt det let seg gjere

• at vi får ein stor nok planavdeling, både i Florø og Måløy, til å ta unna saker fortløpande. Dette er spesielt viktig for nyetableringar, både av bustader og næringsaktivitet.

• at vi er garantert nærleik til barnehagar og skular

• at vi er garantert nærleik til alle grunnleggande helse- og omsorgstenester, inkludert sjukeheimsplassar og omsorgsbustader, og at sjefen blir sitjande i Måløy!

• at vi får servicetorg i begge byane

• at når det gjeld den framtidige kommuneøkonomien, må vel rådmennene vere dei som aller best forstår seg på det. Den dyktige prosjektrådmannen vår, Terje Heggheim, ser ikkje ut til å vere synleg skeptisk eller uroleg, då treng kanskje ikkje eg heller å vere bekymra.

• at det nye inntektssystemet for kommunane er laga for større kommunar. Då høyrest det fornuftig ut å bli større.

• at dette er litt småskummelt, men det kriblar godt også

• at noko av dette nok blir kalla følelsar, og det er jo rett. Det blir heilt feil å seie at denne saka ikkje også handlar om følelsar. Er ein heilt for eller imot, er følelsen kanskje så sterk at motargument ikkje går inn. Jo meir overtydde vi er, jo meir immune mot motargument?

Men likevel. Dei fleste av desse punkta er fakta. Nokre er kanskje idear og visjonar som Sindre Kvalheim nettopp skriv om i sitt flotte lesarinnlegg, men det meste startar vel med ein visjon eller ide?

Då vert min appell:  Kom igjen, og ta sjansen! Gå for optimisme og energi! Bli med å bygge Kinn, ei suksesskommune, bygd i kraftig motvind. Stem ja!