Dette innlegget er skrive av Jostein Eimhjellen, Svelgen.

Kor tid vart Kristin Maurstad oppteken av lokaldemokrati, ytringsfridom og ein ryddig prosess?

For nokre dagar sidan var Kristin Maurstad i lokalavisa og var bekymra for lokaldemokratiet og ytringsfridomen. Bakgrunnen for Maurstad si tilsynelatande uro, var ei tekstmelding sendt frå ein privatperson til ein næringsdrivande. Det er nesten som ein ikkje vil tru det ein les.

Her er vi vitne til ein oppheita debatt som er utløyst av fleirtalet av dei folkevalde, med Kristin Maurstad i spissen, som har vist den største forakt mot det sanne demokratiet!

Kristin Maurstad og Vågøy AP gjekk til val på ein lovnad om å halde folkeavstemming på eventuelle samanslåingar. Maurstad har ikkje halde verken ord eller lovnadar og har saman med resten av AP tvunge sitt eige folk inn i Norges mest vanskapte kommune. Maurstad hadde elles inga forståing for at innbyggjarane i hennar eiga heimbygd valde å komme seg klar av dette overgrepet med grensejustering. Og det sjølv om innbyggjarhøyringa der var krystallklar på at det siste dei ville, var å være med på Maurstad si grenselause ferd for å bli styrt av Flora i sør. Målet var òg at Bremanger skulle takast med tvang, stikk i strid med våre eigne demokratiske vedtak og folkeviljen.

Min påstand er at Kristin Maurstad har vist at ho har null respekt for andre si meining og har dårleg dømmekraft i høve kva som er rett og galt. Det er eit utruleg faktum at Kristin Maurstad i det heile føler seg i posisjon til å instruere andre om korleis ein bør oppføre seg. Eg vil tru at det i denne saka har gått ei mengd ulike meldingar på kryss og tvers med truleg langt grovare innhald enn i den rimeleg uskuldige meldinga vi såg på trykk i avisa. Vedkomande sende det han trudde skulle være ei privat melding og forklarte sitt syn på kva han følte var rett, galt og fornuftig til ein relasjon. Dette er ein del av ytringsfridomen vi har i dette landet, men i tillegg var dette ei privat melding. At ei slik privat melding sendt frå ein privatperson til ein annan, skal utleverast i media av ordførar i Vågsøy, må sjåast på som ei trakassering. Er det no slik at alle som har fått ei melding dei ikkje likar, kan springe til Maurstad og få den omtala av ordføraren i lokalavisa? Eller er det berre dei som får ei melding som går imot det syn Maurstad sjølv frontar, som skal få omtale? Skal ein slik praksis også  utvidast til å gjelde kommentarar på FaceBook?

På toppen av det heile går styra i Ap, Venstre og Høgre ut og kommenterer sitt syn på saka!

Dette er faktisk så gale at ein knapt skulle tru det var sant.

Om Kristin Maurstad er ærleg med seg sjølv, så veit ho at ho ikkje er oppteken av verken ytringsfridom eller demokrati. I følgje avisa står det at meldinga vart sendt til ein næringsdrivande. Det Maurstad her ynskjer, er å sette Nei til Kinn-aksjonen i dårleg lys og få delar av  næringslivet som til tider har Heia på Kinn i tale. Som Jacob Nødseth skreiv i Firdaposten for ei tid sidan: «Næringslivet var fødselshjelparane til Kinn kommune» og han ville no ha næringslivet sterkare på bana.

Prøver Maurstad og JA-politikarane å gjere næringslivet medansvarleg for vedtak som er gjort i kommunestyret? Ser vi eit forsøk på ansvarsfråskriving?

I eit tidlegare avisinnlegg stilte eg sjølv spørsmålet om Kinn var ein «marsjordre» frå makteliten i Vågsøy sitt næringsliv? For å illustrere dette viste eg til uttaler frå Gunnar Carlson til folkevalde i januar 2016. Sitat: «Kvar rådhuset skal ligge betyr ingenting. Vi i næringslivet kunne ikkje ha brydd oss mindre. Dere er tenestemenn for befolkninga og dere har nå fått en marsjordre frå næringslivet»

Ein ting er at maktpersonar i næringslivet bør vise samfunnsansvar. Ein heil annan sak er korleis folkevalde reagerer på kraftig påverknad frå enkeltaktørar. I den grad ein skal lytte til næringslivet i ei slik sak, så må Kristin Maurstad om ho er oppteken av ytringsfridom og demokrati, invitere eit samla næringsliv til å seie si meining. Kan det dempe ytringsfridomen til andre næringsdrivande og privatpersoner, når ein FØRST samlar dei største næringsaktørane som mange i eit lokalsamfunn har økonomiske relasjonar til, for å påverke for Maurstad sitt syn?

I eit brev som Maurstad som leiar i fellesnemnda nyleg sende til kommunalministeren, i samband med arbeidsgivaravgifta, skreiv ho at det lokale næringslivet støttar fullt ut Kinn kommune. Dette er ikkje sant Maurstad! Du har aldri prøvd å finne ut av kva eit samla næringsliv meiner. Som ordfører i Vågsøy så lyg du openlyst til Norges kommunalminister på vegne av dei næringsdrivande i Vågsøy. Vidare går du no i media og er oppteken av ein rydding prosess?  Sit det no ein kommunalminister i Oslo og trur at heile næringslivet i Vågsøy er einig i at politikarane skal gå imot det som det klare fleirtalet av innbyggjarane i Vågsøy meiner? Trur kommunalministeren no at heile næringslivet er villig til å få høgare arbeidsgjevaravgift?                                                                       Er dette ein rydding måte for ein ordførar  å ordlegge seg på - på vegne av næringslivet i eigen heimkommune?

Ei kommune si hovudoppgåve er som kjent å sikre god samfunnsutvikling og gode velferdstenester til alle innbyggjarane. For næringslivet skal kommunen først og fremst være ein tilretteleggjar.

Som kjent var det lagt inn eit punkt om realisering av eit badeanlegg i Vågsøy i intensjonsavtala med Flora. Etter Kinn-vedtaket er det no kome fram i lyset at dette gjeld første etasje til eit gigantisk hotellkompleks til 600 mill. kr som ein ynskjer å få realisert. Eit offentleg/privat samarbeid er flott, men med så nære relasjonar som det er i Vågsøy, så er det fleire som meiner at ei slik sak ha vore med å styrka samspelet mellom Ja-folkevalde og viktige grupperingar i næringslivet? Når ein ser debatten før Kinn-vedtaket i Vågsøy kommunestyre, er det mykje som talar for nettopp det.

Mitt poeng er ikkje å kritisere næringslivet som i utgangspunktet har rett til å kjempe for det dei meinar er rett. At næringslivet uttaler seg og kjem med innspel er flott, men om eit kommunestyre let seg påverke i for stor grad av særinteresser frå enkelte grupperingar i næringslivet der det kan være interessekonfliktar opp mot kva løysing og vedtak som er den beste, for å sikre gode velferdstenester til innbyggjarane , så setter dette eit ekstra krav til dei folkevalde, rådmann og prosess. Vedtak i ei slik sak skal i følgje kommunelova vere basert på ei forsvarleg saksutgreiing som rådmannen er ansvarleg for. Ei forsvarleg opplysande saksutgreiing  kunne vore med å legitimere at vedtak var gjort som følgje av ei fagleg vurdering  og ikkje på vegne av ein «marsjordre frå Næringslivet».

No har økonomiprofessor Bjarne Jensen, som var rådmann i Kristiansand i 20 år før han vart rådmann i Bergen, stadfesta i sin rapport att Kinn aldri var forsvarleg utreda før vedtaket. Sentrale moment var ikkje vurdert og konklusjonar frå rådmann Leite om økonomi, er fullstendig feil. Bjarne Jensen har brukt alt av tidlegare rapportar som grunnlag og finner ikkje  eit einaste rasjonelt argument for samanslåinga.

Om ein er for kommunereform, så har Kinn ikkje moglegheit til å leve opp til dei mål med reforma som Stortinget har vedteke. Dei mest dramatiske konsekvensane for Vågsøy går på at lokaldemokratiet vert betydeleg svekka og dei store avstandsulempene der ein ikkje på ein forsvarleg måte klarer få til ei økonomisk effektivisering av drifta. Argumenta står i kø for kvifor dette er ein særdeles dårleg idè - der Vågsøy og kysten i Nordfjord vil tape stort.

AP veteran Martin Kolberg utalte i eit tv intervju om kommunereforma, at om ein først vedtok å halde folkeavstemming så kunne han ikkje å sjå for seg den kommunepolitikaren som kunne meine at svaret ikkje gjaldt likevel. Dette ville være heilt uakseptabelt meinte han.

Om Maurstad har sett lyset og tenkjer på demokratiet, så bør ho no fortelje 16-åringane som no skal  stemme for første gong, at svaret betyr noko for Vågsøy Ap.

Ein bør kunne forvente at  Kinn snarleg er klar for reversering på Stortinget.