Varaordfører i Vågsøy, Nils Myklebust (Sp), har dette lesarinnlegget på trykk i Fjordenes Tidende:

Exit Vågsøy kommune?

Ikkje om Sp får det som dei vil.

Valkampen som vi no snart skal inn i og valet 11. september kjem til å seie mykje. Mange spør: Kvifor bry seg? Senterpartiet bryr seg fordi det var eit stort fleirtal av innbyggarane i Vågsøy som sa nei til Kinn kommune, berre 31 prosent sa ja. Då kan vi slå fast at folkeviljen har dårlege kår blant fleirtalet av politikarane i Vågsøy. Dette kom godt til syne under siste kommunestyre 15. juni då det skulle veljast medlemmer av den såkalla nemnda ifrå Vågsøy.

Spesielt Ap kjempa hardt for at fleirtalssynet i befolkninga ikkje måtte få komme til orde i nemnda. Dei meinte at det var berre desse 31 prosentane av befolkninga som skulle komme til orde, forstå det den som kan. Demokrati er det iallfall ikkje.

Kvifor er Sp så imot Kinn: Vi ser store problem med å kunne yte gode kommunale tenester på grunn av store avstandar, vi ser også store utfordringar i korleis det skal komme politikarar frå det geografiske Vågsøy med i Kinn kommunestyre. Dei som kjem med vil uansett komme i eit stort mindretal. Kven er det som vil bruke mykje av fritida si på politisk arbeid, der ein er garantert å komme i mindretal? Fleirtalet vil sitte i Florø. Så vil nokon seie at det er berre å nominere på listene til Kinn, men kva som vert resultatet av dette når 2/3 av dei med stemmerett bur i Florø kommune, husk at til neste kommuneval vert det lov å stryke og kumulere, dette vil ha avgjerande verknad på valresultatet. Det einaste som kan demme litt opp for dette er vallister med bakgrunn i Vågsøy sitt område, men sjølv det vil ikkje hjelpe.

Økonomi: Florø krev inn cirka 43 millionar kroner i eigedomsskatt i dag med 12.000 innbyggarar. Vågsøy krev inn cirka 13 millionar kroner, altså skal Vågsøy opp på Florø sitt nivå så må vi opp i cirka 21 millionar kroner, dette er ei formidabel auke som folk må vere førebudde på.

Arbeidsgjevaravgifta: Der har Vågsøy 10,6 prosent, Florø 14,1 prosent – ein differanse på 3,5 prosent, dette vil gjeve seg store utslag for bedrifter som har meir enn cirka 20 tilsette på grunn av eit botnfrådrag. Dette er vesentleg, ikkje minst for den kommunale drifta. Vågsøy kommune har cirka 470 årsverk og her er mange med meir enn 20 tilsette. Desse ulempene er ikkje populært å snakke om i Vågsøy. Så mykje av det som måtte komme av såkalla ekstramidlar vil verte etne opp av dette.

Vågsøy Sp er svært bekymra for korleis Måløy vil utvikle seg. Det er berre å sjå på andre kommunar som har mista sitt kommunesenter. Dei har så å seie utan unntak hatt negativ utvikling. Vi er også svært redd for at Bryggja vil fare til Eid/Selje, noko som er svært beklageleg.

Dersom Vågsøy sin befolkning meiner at Kinn er feil så må dei vise det ved å stemme Sp til stortingsvalet. God sommar.