Vågsøy-ordfører Kristin Maurstad (Ap) har skrive dette lesarinnlegget:

«Rett informasjon om eigedomsskatt»

Viser til innlegg av Geir Ove Refvik på fjt.no, med tittelen «Kinn – sluttord frå min side». I dette innlegget står følgjande:

«I tiden som har gått har det dukket opp stadig flere millioner, i titallsklassen, som ikke har vært dekket inn i den nye kommunen, og som nå må tas over drift. Bare utjevning av de store lønnsforskjellene vil føre til at kommunen ikke har annet valg enn å vedta en kraftig økning i eiendomsskatten. Dette er allerede lagt inn i skyggebudsjettet til prosjektrådmannen.»

Denne påstanden er feil.

I skyggebudsjettet ligg det som allereie er vedtatt i dei to kommunane. Det vil seie at auken i eigedomsskatt for Vågsøy er tilsvarande auken som vart vedtatt i budsjett og økonomiplan i desember 2017.

Både Vågsøy kommunestyre og Flora bystyre har inne ein moderat auke i eigedomskatten i sine økonomiplanar. Dette har ikkje noko med Kinn å gjere.  Dei er framstilt samla i nabokolonner som grunnlag for oppstart med eit skuggebudsjett.  Vedtak om harmonisering av eigedomskatten skal skje etter forskrifta sin § 6 som seier:

«I ein overgangsperiode frå 1. januar 2020 til 31. desember 2021 får Kinn kommune unntak frå eigedomsskattelova slik at eigedomsskatteregima som gjaldt i Flora kommune og Vågsøy kommune kan videreførast for vedkommande område i overgangsperioden i den grad desse var i samsvar med eigedomsskattelova. Ved etterfølgjande endringar i eigedomsskattelova må dei vidareførte eiendomsskatteregima innrettast i samsvar med lovendringane.

Dei vidareførte eiendomsskatteregima kan justerast i løpet av overgangsperioden i den grad den tidligare kommunen kunne gjort dette innanfor rammene av eigedomsskattelova, og formålet er gradvis å oppnå harmonisering av regelverket innad i den nye kommunen.

Frå og med 1. januar 2022 skal eigedomsskatten i Kinn kommune vere harmonisert og i tråd med eigedomsskattelova»

Eit slikt vedtak er ikkje sjølvsagt ikkje fatta og påstanden blir difor feil.