Sigmund Frøyen har skrive dette lesarinnlegget:

«Det vi kan einast om»

Nei-sida har rett i mykje av sin kritikk mot Kinn kommune. Kinn er eit vanskeleg prosjekt som gjer at kommunen ikkje kan bli noko mønsterbruk rett og slett fordi den ikkje heng saman. Ein treng ikkje doktorgrad for å sjå dette. Det ligg ingen kvikk-fiks her, som at alt hadde sett annleis ut om Bremanger hadde vore med. Kinn ville framleis vore tungrodd, med store avstandar, svak integrasjon og elendig kommunikasjon. Dette kan vi lett einast om.

Det treng ikkje å bety at Kinn vil levere dårlegare tenester til innbyggjarane. Det kan den nye kommunen rett og slett ikkje tillate seg. Kinn vil venteleg levere eit minst like godt tenestetilbod til sine innbyggjarar som det Vågsøy og Flora gjer kvar for seg. Truleg betre sidan alle tenester no får ein kritisk gjennomgang der erfaringar og kompetanse får brynt seg og ny teknologi kjem til nytte. Dette er omstilling som er finansiert av staten og som er sunt. Mange vaktsame auge vil også sørgje å halde fokus på kvalitet i alle ledd. Konstruktiv kritikk er bra, og den blir høyrd. Allereie no ser vi meir demokratisk kraft i Kinn enn det kommunane klarer å levere kvar for seg. Dette er positive verdiar som lover godt for kvaliteten på viktige politiske områder. Mitt håp er at vi framover kan rette fokuset inn mot kva Kinn kan få til som dei gamle kommunane ikkje har klart gjennom dei siste 50 åra.

La oss for ein augneblink sjå nærmare på folketalsutviklinga sidan førre kommunereform i 1965. Som figuren under viser, er Førde, Flora, Sogndal vinnarane og særleg førstnemnde der folketalsveksten er formidable 223 prosent. Til samanlikning var Bremanger blant dei største kommunane i fylket den gong. Sidan har folketalet falle 33% prosent Med nokre få unntak, har folketalsveksten vore svak til fallande i dei andre kommunane.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Førde sin vekst frå tiande til førsteplass heng saman med politiske føringar og vedtak som har skapt eit fylkessenter basert på det geografiske midtpunktet og ikkje på kva som er best i høve til ressursar, vekst og busetting. At fylket som heilskap kun har 9 prosent vekst i folketalet over denne perioden viser at dette var eit uklokt val. Slike feilgrep er det viktig å ta lærdom av.

Om vi deler fylket inn i tre regionar; kysten, midtre og indre, vil ein sjå av neste figur at midtre er den av regionane som har hatt vekst i folketalet, mens kysten og indre har hatt nedgang. Av veksten i midtre på 12.192 innbyggjarar, står Førde åleine for 9.038 (74 prosent). Igjen eit prov på at veksten i Førde berre har gagna Førde. Sogndal ligg også til midtre, med ein vekst på 4.034 innbyggjarar. Dei andre kommunane i midtre har såleis bidratt netto negativt til folketalsveksten.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Folketalsutviklinga må stå som eit grelt døme på feilslått distrikts- og lokalpolitikk der ein ikkje har makta å skape ein vekstmotor der ressursane og grunnlaget er størst. Kysten hadde trengt ein sterk kystkommune den gong motkreftene posisjonerte seg. At kysten no prøver å reise seg gjennom etableringa av Kinn kommune er seint, men betre seint enn aldri. Det er fleire slag i vente.

Folketalsutviklinga viser at nei-sida sin sjølvstendekamp ikkje er noko vinnarsak for kysten. Det nei-sida ikkje vil ta inn over seg er følgjande:

  • Den politiske sprengkrafta som etableringa av ein sterk kystkommune skaper

  • Den moderne kommunen må levere meir enn lovpålagte tenester

For mens Kinn gjer problema synlege for alle, også i sentrale strok der makta sit, bidreg dei gamle kommunegrensene til å skjule dei. Kinn gjer nemleg den disintegrerte kysten til sitt problem, mens dei gamle kommunane toar sine hender og legg ansvaret på alle andre. Det har ført oss dit vi er i dag. Til ein region som manglar attraktivitet som bu- og arbeidsmarknad. Det er den brutale sanninga, stadfesta gjennom fallande folketal.

I etableringa av Kinn ligg kimen til forandring. Spengkrafta ligg i synleggjering og aktiv påverknad med ei tydeleg røyst som kjempar for kysten sine interesser. Dette er nytt og vil endre det politiske spelet. Det å kjempe for status quo er å konservere den negative utviklinga, eller som Einar Førde ein gong uttrykte seg: «Å bere havre til ein daud hest». Dei gamle kommunane gir ingen svar på dei utfordringane vi står overfor. Nei-sida sine ambisjonar avgrensar seg til å levere lovpålagte tenester til innbyggjarane. Det er ikkje nok. Det syner historia med all tydelegheit. Den moderne kommunen må ta det politiske ansvaret for den lokale samfunnsutviklinga, inklusive både nærings- og folketalsutvikling. Det er slike ambisjonar eg les ut av Kinn sine programerklæringar. Det gir meg håp. For erfaringane har lært meg at kvar for oss skjer det lite.

Nei-sida sin strategi om å vente til «huset er bygd» før ein vurderer ekteskap er uttrykk for ansvarsfråskriving, og viser at ein eigentleg ikkje har ambisjonar for samfunnsutviklinga. Det er i alle fall ikkje eigna til å oppnå noko som helst. Politikk handlar nemleg om å gi og ta, slik også ekteskap gjer.