Dette lesarinnlegget er skrive av kommunestyremedlem i Vågsøy, Tove Lill Refvik Volle (Ap). Innlegget vart halde på informasjonsmøtet om Kinn-samanslåinga på Måløy vidaregåande skule torsdag 31. mai.

«Informasjon til ungdom»

Hei, så kjekt at eg fekk lov å komme å informere dykk om Kinn. Og så bra at de vel å bruke fritimen til dette.

Eg er umåteleg stolt av ungdommen i Vågsøy, det er berre ein ting eg skulle ønske og det er at de engasjerer dykk meir politisk, finn ditt parti, eg veit ikkje om nokon som er einige i alt som eige parti driv med men ein må finne det partiet som har saker ein er mest einig i. I Kinn kommune vert ungdommens bystyre eller ungdomsrådet etablert samtidig som Kinn kommunestyre. Kanskje blir det akkurat du som blir den nye ungdomsordføraren.

Vi har veldig mange flinke ungdomer og vi vaksne må bli flinkare å ta dykk med inn i organisasjonsarbeidet, de må stille opp å vere med å bestemme. Det er opp til dykk å få orden på samfunnet, og eg håper det blir lettare for ungdomen å komme til.

I forhold til Kinn så er det ein del av innbyggjarane som har vore eller er bekymra for om vi politikarane hadde nok informasjon då vi stemte over samanslåinga, og lurer på korleis vi kan vere sikre på at dette er det rette å gjere.

Det som gjorde meg sikker på at å stemme ja var rett, var fordi eg hadde lest mange rapporter sidan 2016, vi hadde grundige utgreiingar i forhold til då vi skulle slå oss saman med Selje og Vanylven og vi fikk ei ny grundig utgreiing av ei kystkommune utført av PwC og Telemarksforskning. Då vi behandla saka på kommunestyre i mars 2017 så høyrde eg ikkje ein politikar klage på utgreiinga. Den kom i ettertid.

I tillegg til positivt vedtak både i Vågsøy og Flora så har stortinget vedtatt Kinn to gonger. Riktig nok så stemte Høgre i mot i juni fordi dei ville ha meir utgreiing om Bremanger, men Høgre-representant i Stortinget Lødemel sa faktisk at det spilte ingen rolle fordi det ville uansett bli vedtatt i desember. Det fekk han rett i.

Fellesnemnda har oppretta mange arbeidsgrupper, både for dei ansatte og for politikarane, eg sjølv sit i arbeidsgruppa for eigedom, vi jobbar tett og godt, og alle i gruppa både dei som er frå Vågsøy og dei som er i Flora jobbar mot et felles mål, det å bygge Kinn kommune. Her er forresten Kinn  veldig flinke, dei tilsette er ikkje så tett involverte andre plasser i å lage en ny kommune. Ungdommen er også godt representert. Kinn er langt framme og ligg godt an til 2020.

Målsettinga til Kinn kommune er:

• Bli ei attraktiv kystkommune

• Bli den største utviklingsaktøren på kysten mellom Ålesund og Bergen

• Sikre gode tenester med høg kvalitet for innbyggjarane

• Styrke vår attraktivitet som lokalisering for næringsverksemd

• Sikre ei berekraftig utvikling med målretta satsing på klima og miljø

• Styrke lokal stadsidentitet og felleskapskjensle til innbyggjarane i den nye kommunen.

Eg er ikkje i tvil om at Kinn vil nå disse måla, sjølvsagt vil der vere utfordringar som må løysast, heile kommunen skal vekse, om fleire arbeidsplassar kjem i Florø eller Vågsøy så blir det auka inntekter til heile kommunen, det kjem oss alle til gode.

Om du skal byggje eit hus, då må du låne pengar, du kan tru at det skal gå bra men ein kan bli sjuk, miste jobben, noko som gjer at inntekta går ned, ein kan sjølvsagt velje å tenkje at ein ikkje har råd å bygge huset, eller ein kan velje å tru at det går bra. Mitt poeng er at for å oppnå det ein ønsker må ein vere villige til å satse. Ein må og vete at utfordringa kjem og dei løyser vi undervegs.

Det er nemleg slik at ingen kan sjå inn i glaskula og seie kva som skjer i framtida, intensjonsavtala som seier korleis det skal vere i Kinn kommune, er ikkje juridisk bindande men eg vel å tru at politikarane tek beslutninger som kjem alle innbyggjarane til gode, aksjonsgruppa «Nei til Kinn» må ikkje ta ansvar for sine handlingar, det må politikarane gjere, vi må tenkje fram i tid.

Kjøtvekta er eg  ikkje bekymra for, kvifor skulle Florø ønske å svekke ein del av kommunen sin? For at vi skal oppnå det vi ønsker med Kinn, må alle delane av Kinn vekse, og det vil politikarane ta ansvar for, uansett kvar dei kjem frå. Det kan ikkje vere slik at ein politikar berre jobbar for bygda si, ein må jobbe for heile kommunen. Vi kan ikkje gå inn i ei ny kommune der vi heile tida er grunnleggande mistenksame mot dei vi skal slå oss ilag med, florøværingane er veldig kjekke folk akkurat sånn som oss, dei ønsker det beste for Vågsøy, Flora, Kinn og kysten.

Eg vil seie litt om vidaregåande skular: Det vil vere to vidaregåande skular i Kinn kommune. Dette er ikkje veldig spesielt, det er to vidaregåande skuler i Førde i dag. Måløy og Florø kjempar ikkje om dei same elevane og vi har ganske ulike linje. Måløy har mange fylkesdekkande linjer innanfor felt som er veldig viktige for kysten, sjølvsagt vil politikarane frå Flora vere med å støtte opp om desse, det står også i intensjonsavtalen. Av dei elleve vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane, er berre to på kysten. I Kinn kommune må vi stå saman for å styrke og vidareutvikle disse to skulane, det er heilt utenkjeleg at Kinn vil gå med på å bygge ned en av disse skulane, tvert imot, vi vil stå sterkare saman for å sikre dei to vidaregåande skulane i Vestland fylke.

Heile samfunnet er i endring, det er ikkje berre kommunar som skal slå seg saman, fylka gjer det same, Sogn og Fjordane er i prosessen med å slå seg saman med Hordaland. Kinn kommune blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke. Så kan ein spørje seg sjølv, kven har størst kraft til å påverke fylket, er det Vågsøy med cirka 5.500 innbyggjarar eller er det Kinn med cirka 18.000 innbyggjarar. Eg trur det er Kinn som best kan påverke fylkespolitikarane.

Det er mange som hevdar at samarbeid er betre enn samanslåing, vi har hatt samarbeid i mange tiår, vi veit kor det fungerer, ei samanslåinghar mykje meir kraft fordi samarbeidet då er meir forpliktande, og det kan bli lettare å prioritere viktige prosjekt for å faktisk få realisert dei.

Vågsøy aleine er ikkje noko alternativ for meg, det vil bli kutt i alle tenester, større enn i inneverande år, vi vil ikkje ha nok folk til å kunne drive med utvikling, det vil bli å forsette i same spor, drifte oss til fant, eigedomskatt på maks og kanskje ROBEK. ROBEK betyr at vi blir styrt av Fylkesmannen, då får vi  ikkje bestemme noko sjølve.

Eg seier ikkje dette fordi eg ikkje er glad i eller bryr meg om Vågsøy men fordi eg er overtydd om at Vågsøy får det best i Kinn. Staten ønsker at kommunene skal ta over fleire statlege oppgåver framover. Så ting blir ikkje som det er no, også små kommuner er forventa å løyse nye oppgåver som dei får overført frå staten, i tillegg til alt ein må løyse i dag. Vi skal altså ikkje berre finansieredet vi gjer i dag men nye ting i tillegg. For eksempel psykolog. Det viktigaste for ei kommune er å gje gode tenester til innbyggjarane, vi ser at ved å stå aleine vil vi få økonomiske utfordringar, det er også vanskeleg å rekruttere folk til små fagmiljø. Vi får ei sterk auke i tal eldre i åra som kjem og det vil derfor vere nødvendig å prioritere eldreomsorga. Dersom vi skal fortsette som eiga kommune må vi kutte stort i budsjetta som kjem. Eg er derfor veldig bekymra for om vi vil ha moglegheiter til å gje eit godt nok tilbod.

Det er staten som vil ha større kommunar. Store kommunar vil få meir av totalen og då blir det mindre igjen til dei små kommunane.

Politikk er vanskeleg, utfordrande, mykje arbeid og tek mykje tid, samtidig er det så ufatteleg spennande at det er verdt det. Eg vil, om eg blir nominert, sjølv med disse utfordringane, stille til val i Kinn kommune. Å vere politikar er eit stort ansvar, når vi skal ta avgjere må vi sjå på heile bildet, vi må sjå på alternativa, økonomien, vi må tenkje langt fram i tid. Kommunestyret har vedtatt å høyre folket i denne saka, det blir eit av mange moment vi må vektlegge når vi skal ta vår avgjerd. Til sjuande og sist er det vi politikarane som må stå til ansvar for avgjerslene. Eg forstår at endringar kan vere skremmande og at det då kan vere lett å stemme nei, gjennom min jobb i Vågsøy kommune har eg lært at endringar ikkje er skummelt men spennande, utviklande og endringar er komme for å bli. Vi må delta i dei endringane som skjer i samfunnet viss ikkje seglar vi akterut.

Utfordringer vil det heilt sikkert bli, men vi må vere  positive og løysingsorienterte. No har vi handa på rattet og vi er med å avgjer vår eiga framtid.

Alt vil gå på skinner i Kinn kommune, om vi når måla så vil det gå som det susar, eg kan ikkje seie det, fordi eg er ikkje synsk men om tida sto stille og ingenting forandrar seg, Kva skjer då?

Mi oppfordring blir: Sats på kysten og Kinn kommune.  Stem ja.