Hans Gunnar Våge  har skrive dette lesarinnlegget:

«Stemme blankt!»

Innlegget til Bengt Georen fekk meg til å tenkje. Ikkje minst når han meiner at dei som er valde inn i kommunestyret, har ei innsikt og ein visdom dei færraste har.

Dei har lange og gode utgreiingar å halde seg til, trur han. No har ikkje så få personar med innsyn i økonomi og styring, sagt at det Leite har utarbeidd, ikkje held mål, og burde aldri vore lagt fram for kommunestyret. Kven ein vel å tru på, er vel opp til ein sjølv.

At dei folkevalde i Vågsøy veit meir enn andre, og skjønar meir enn andre, det har eg tru på.

For ein del år sidan, då Roger Bernt var ordførar, vart det sett fram forslag om å leggje ned skular i Vågsøy. Mellom anna skulen på Bryggja. Det førte til at ein starta underskriftsliste blant folk på Bryggja, for å søkje om grensejustering til Eid. Etter samtalar mellom ordførar og dei som stod bak underskriftslistene, vart ein samde om at kommunen trekte forslaget om å leggje ned skulen, mot at folket på Bryggja trekte søknaden om grensejustering. Men det vart presisert frå innbyggjarane på Bryggja at om saka kom opp att ville ein på ny starte arbeidet med å byte kommune.

Difor vart eg ovundra over at nettopp Arbeiderpartiet, sette fram forslag om nedlegging av skulen på Bryggja. Dei som visste kva som hadde skjedd berre for nokre år sidan, og var klare over at Vågsøy ville miste Bryggja, om ein la ned skulen. Eller rettare, at det var ein stor sjanse for at det ville skje.

Kanskje du Georen, eller einkvan i Ap, kan forklare meg kva fleirtalet i kommunestyret hadde for informasjon som tilsa at det ville vere fornuftig å «kvitte seg med Bryggja»? I den seinare tid, har eg lese at kommunen taper om lag 8 millionar årleg, på at Bryggja for framtida vil høyre til Stad kommune, men eg sit ikkje i kommunestyret, og skjønar ikkje kva som var/er fornuftig i den samanheng. Men som sagt, eg har ikkje tilgang til alle dei grundige utgreiingane som dei folkevalde får frå rådmann Leite. Om det i dei 8 millionar, er inkludert kostnader til bygging av nye omsorgsbustader, det veit eg ikkje. Men, som sagt, einkvan av dei folkevalde har nok svaret.

Det som skjer, er ei sentralisering, som i resten av samfunnet. Tidlegare har ein sentralisert helsestellet i stor grad, ikkje minst her i fylket. Eg meiner å minnast at Georen var motstandar av nett det, og kan då ikkje skjøne kvifor han no ser fordeler ved same politikken? Dess større einingar, dess betre tilbod og resultat, har vore eit mantra i mange år.

Sjå berre på noko så lokalt som fotball. Om ein berre fekk slått saman Tornado og Måløy, så ville vi få eit fotballag i verdsklasse, eller i det minste i toppen innanlands. Og det skjedde?

No verkar det som om vi alle gløymer, og det ser ikkje ut til at så mange minnast «Norway Food» lenger. Dei som styrte med hermetikk på den tida, kan nok fortelje meir enn eg kan, om det som skjedde. Men effektivt, det vil eg seie det var.

Noko av det siste ein har sentralisert, er politiet. Dei kallar det «nærpoliti», og det er fordi flest mogeleg tilsette i politiet er samla på stadig færre stader. Ta berre Ervik-reiarlaget i Selje. Dei har ein heil del utlendingar som jobbar på båtane, og dei treng arbeidsløyve frå politiet. I «eldre» tid, fekk ein stempla desse i Selje, så vart det Måløy, no Eid, og om ikkje lenge; Førde. Som ein på Eid sa; «det er ikkje berre negativt. Han som stemplar desse løyva, har vorte ofseleg flink til å stemple.»

Så kan ein seie at dette ikkje har korkje med Bryggja eller Kinn å gjere, og eg er usamd.  Når ein legg ned skular, og samlar elevane i stadig færre bygg, så kallar eg det sentralisering.  Andre kan kalle det kva dei vil. Kan einkvan i kommuneleiinga, med handa på hjartet og kross på halsen, seie at planane om berre ein barneskule i Vågsøy, er lagt bort for godt? Eller arbeider ein framleis med slike planar?

Og, om desse planane er under arbeid, er det nokon som trur at den skulen vert bygd utanfor sentrum av Måløy? Måløyværingar som truar med å flytte, om ein ikkje har alle «tilbod» innan ein gåtur på 5 minutt, og som diverre har påverknadskraft.

Det er sagt og skreve, at kommunesamanslåing vil føre til meir demokrati, men så langt har eg ikkje greidd å skjøne det. For det fyrste så vil det verte færre folkevalde i styre og stell, i samanslegne kommunar, enn det var før ei samanslåing.  Om ein er kommunalminister, så er det sjølvsagt lettare å «hanskast med» 100 ordførarar, enn over 400. Men meir demokrati?

No er det skreve så mykje om økonomi i Kinn, at det held for ei stund. Kanskje vi kan slå fast at økonomien ikkje betrar seg, samanlikna med det Vågsøy og Flora i dag rår over, av midlar?

Kva vert då betre, om vi slår oss saman med Flora? Statlege arbeidsplassar? Ein ungdom i førtiåra sa sist fredag at om vi slår oss saman med Flora vil vi få flust opp av statlege arbeidsplassar.  Dette vart sagt i djupaste alvor. Måløy, som ikkje er store nok til å ha eit tollkontor, eller eit distriktslensmannskontor, dei skal brått, om vi heiter Kinn kommune, verte tildelte så mange statlege arbeidsplassar at det minner mest om dei som fekk «Manna» frå himmelen.

Sjølv Florø er for lite til å ha arbeidsplassar løna av «Statspurka». Sjå berre på politiet. Leiinga er overført til Bergen, og dei lokale politifolka, laut flytte til Førde, for å levere kvalitet.

Merkeleg det der, at skal det verte kvalitet i fylket, så lyt ein til Førde. Men nok om det.

Ville eg, om eg var minister, og skulle flytte statlege arbeidsplassar ut or Oslo, plassere dei i ei framtidig Kinn kommune? Svaret er nei! Ser ein på nordre luten, så har dei offentleg tilsette som greier å såre innbuarane i ei heil grannekommune, og er for store til å be om orsaking.

Vidare har ein folkevalde som ikkje ville at grannekommunen skulle få att så mykje i arbeidsplassar, og andre fordelar, at dei såg seg tente med ei samanslåing. Det var under forhandlingar. Korleis hadde dette vore, om samanslåinga var eit faktum?

I søndre luten har dei eit investeringsprogram, (som mellom anna skal gje fordelar for Raudeberg) som er rimeleg høgt, og som dei venteleg vil slite med å betale. Dette gildet lyt innbuarane i nordre Kinn vere med å betale, om det vert samanslåing, som om dei ikkje har utgifter nok sjølve.

Så heilt til slutt. Etter det eg har fått høyre, så var einaste grunnen til at Vågsøy starta samtaler med Flora, redsle for at Vågsøy skulle tvingast saman med Selje og Eid, og for Flora sin del, så var dei redde for å verte overkøyrde av Førde. Dette er ikkje gode grunnar til å vurdere ei samanslåing. Det er heller ikkje godt politisk handverk, å vedta ei samanslåing, for så å starte tingingar om korleis den framtidige kommunen skal verte. Til de som er økonomar i Flora og Vågsøy, hadde de hatt same framgangsmåten, om dette hadde skjedd i det private næringslivet?

Godt val til alle i nordre luten av Kinn.