Dette innlegget er skrive av Vidar Grønnevik, næringslivsaktør og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre.

Kinn – bastard eller kraftsenter?

I dag er det tirsdag og eg sit på eit lånekontor i Sogndal og skriv desse linjene etter eit styremøte med deltakarar frå Årdal, Trondheim, Førde og Bergen. I går var det styremøte i Hov i Søndre Land og i morra er det arbeidsdag i Florø, torsdag er det heildagsmøte i Vågsøy og fredag er det styremøte i Førde.

Veka er ganske normal for meg som næringsaktør.

Som politikar har eg registrert tildels sterke meiningar om dei ulike kommunesamanslåingsalternativa som har vore opp til drøfting - og særskilt dei sterke meiningane som har komme til uttrykk i samband med rigginga av Kinn kommune.

Etter å ha budd i Molde, Oslo, Bergen, Stavanger og København i løpet av dei siste 40 åra og registrert at fylket har stått på stedet kvil når det gjeld folketal, mens folketalet i kystkommunane har krympa med ca 15 prosent i same periode (Flora er einaste unntaket - her har det vore ein liten vekst), så forbauser det meg stort at såpass mange gir uttrykt for å følge same kursen også dei neste 40 åra. Kystkommunane i Rogaland har hatt ein vekst på vel 40 prosent, kystkommunane i Hordaland på vel 20 prosent og vel 15 prosent på Sunnmøre.

Ein treng ikkje å ha særlig stor eller klår krystallkule for å sjå at mange av dei mindre kommunane som i heile perioden har hatt aukande gjennomsnittsalder, aukande kvinneunderskot og fallende folketal vil få svært store utfordringar med å håndtere sjølv dei viktigaste primærfunksjonane når eldrebølga kjem rullende for fullt rundt 2025 og utover.

Dreg vi inn behovet for auka krav til kompetanse for å håndtere stadig meir krevande oppgåver i kommunane, så er det svært vanskelig å forstå den store motstanden mot kommunesamanslåing.

Når det er sagt, så ser eg lett at Kinn kommune ikkje blir noko mønsterkommune, med sin nordre og søndre del - den blir ikkje lett å drifte som ein kommune.

Så kan vi sjølvsagt spørre oss sjølv om kvifor vi har hamna i ein slik situasjon ?

Er det på grunn av gamle negative relasjonar og fare for rivalisering mellom Førde og Florø og mellom Måløy og Nordfjordeid som sette desse alternativa på sidelinja, der det enda som med friaren som kjekt hevda at «får eg ikkje deg, så får eg vel ei anna» ?

Om vi liker å snakke om det eller ikkje - det var (og er) mykje følelsar i sving i desse prosessane.

Kva så med KInn - det nye vekstsenteret på kysten?

Om vi legg vekk føleriet, så er det for meg åpenbart at ein sterk kystkommune er eit godt alternativ - og ganske uforståelig at det området som ligg an til å trekke vinnarloddet i etableringa av ein sterk kystkommune ikkje vil delta. Den delte vekstkommunen lett blir framstilt som ein bastard i nasjonal samanheng.

Næringslivet ser ikkje kommunegrenser, folk bur der dei vil (om dei finn ein jobb eller driv ei verksemd som dei er tilfreds med) og området må fremstå som samla og utviklingsorientert om vi skal ha håp om vekst og utvikling til nytte for alle - og ikkje minst få fortgang i utvikling av samferdsla. Den lyden vi høyrer frå ivrige motstandarar av endring bidreg ikkje til å bygge verken omdømme eller vekstpotensiale.

Kinn kommune er vedtatt, den er langt frå optimal. Ingen er truleg tilhenger av alt som føl med, men det er ikkje tvil om at eit bærekraftig velferdssamfunn m.a vil betinge langt sterkare krav til tenesteleveransar i framtida og dermed sterkare kommunar. Energien må no brukast på å finne dei beste løysingane for Kinn kommune heller enn å bruke den på å sette hælane i bakken i forsøk på å stopp ei uunngåeleg samfunnsutvikling.

Dette gjeld også våre venner i Bremanger.

Tida er inne for å samle troppene - framtida ligg foran oss - ikke i fortida sine strukturar.