Lesarinnlegget er skrive av Vågsøy-politikar Geir Oldeide (Raudt):

Demokrati og folkets råd

Siste innlegg i serien «Kin(n)kige spørsmål»

Ja, då har vi altså fasiten. Kommunestyret bad om folket sitt råd og innbyggarane i Vågsøy har gjeve eit krystallklart råd til dei folkevalde. Folket vil ikkje ha Kinn kommune! Dette må kommunestyret respektere og handle ut i frå. Neste steg må vere å formidle til Stortinget at samanslåing med Flora ikkje lenger er ønskelig frå Vågsøy si side og at ein difor bed om at dette vert oppheva. Det er det einaste fornuftige og demokratiske å gjere.

Eg veit det er folkevalde som har bestemt seg på førehand om at dei uansett vil gå for Kinn. Edvard Iversen er ein av dei. Han bekrefta det på folkemøte i Samfunnshallen. Det skal etter mitt syn svært sterke grunnar til å gå imot eit så klart råd frå folket. Kva er grunnane som har blitt framført i diskusjonane så langt av Iversen og andre på ja-sida som meinar dei ikkje treng å ta omsyn til folket?

1. Fordi det er deira demokratiske rett. Altså fordi dei kan. ”Folkerøystinga er rådgjevande, det er uansett dei folkevalde som tek avgjerd”. Ingen nektar for det. Men er det rett å gå imot folket berre fordi ein kan? Når ein bed om råd frå folket og får eit klart råd, då er det vel fordi ein ønskjer å følgje det rådet?

2. Politikarane veit best. ”Vi politikarar får tilgang til meir informasjon og ser det heile i eit større og breiare perspektiv”. Kva er det politikarane veit som ikkje folket har fått vite no? Har Iversen og andre halde tilbake viktig informasjon dei siste månadane? Sjølvsagt ikkje! Dei har brukt alle dei argument dei har greidd å komme med for å prøve å overbevise folk om at Kinn er det rette for Vågsøy. Når det ikkje har lukkast, når folk likevel ikkje vil ha Kinn, så er det fordi folket er ueinig. Folket synest argumenta mot Kinn er betre og sterkare enn argumenta for. Aksepter det, ikkje innta ei betrevitar-haldning som eigentleg berre formidlar at de meinar folk er dumme.

3. Det går ikkje an å snu. Dette er ikkje eit gagnbart argument. Det finst ingen dokumentasjon for dette standpunktet. Sjølvsagt kan Stortinget gjere eit nytt vedtak. Akkurat slik eit kommunestyre eller eit fylkesting kan gjere det. Ingen, eg gjentek: INGEN har lagt fram bevis for ein påstand om at det Stortinget ikkje kan behandle saka. Tvert i mot har det kome fleire utsegn frå Stortingspolitikarar som seier at det er ingen ting i vegen for å gjere det.

4. Partiprogrammet. Eg har høyrt at mellom anna Edvard Iversen har argumentert med at han står på partiprogrammet og har ansvar for dei som har stemt på han. Men det står jo ingen ting om Kinn i partiprogrammet til Venstre! Eller i andre sine program for den saks skuld. Kinn var ikkje påtenkt ved førre val. Og dei som hadde føreslege noko slikt i sine program hadde vel neppe fått særleg mange røyster. Eg kan ikkje sjå at dette heller er noko argument for å gå imot folkeviljen. Heller tvert om.

Kva blir konsekvensane dersom ein ikkje lyttar til folkets råd? Du treng ikkje rare glaskula for å sjå at den såkalla politikarforakta aukar og festar seg på eit heilt nytt nivå ved slike handlingar. Å vere folkevald tyder at ein skal representere folket. Våre folkevalde skal utgjere eit tverrsnitt av befolkninga og ivareta og forvalte viljen til folket som har gjeve dei tillit. Slik systemet vårt er lagt opp har ikkje folket anna mogelegheit for å gripe inn mot dei som ikkje fortener denne tilliten, enn gjennom valet neste gong. Difor burde også folket fått meine noko om Kinn-spørsmålet i eit kommuneval. Ser de ikkje det grunnleggande udemokratiske i dette? At de som tenkjer på å køyre over folket kanskje ikkje hadde sete i kommunestyret i det heile dersom folk på førehand hadde visst kva de ville gjere?

I alt vi lærer om lokaldemokrati gjennom vår folkevald-opplæring vert det lagt vekt på at lokaldemokratiet må utviklast gjennom samspel mellom folket og dei folkevalde. I forskjellig saker og saksgangar vert dette også formalisert gjennom høyringsrunder og folkemøter slik at folkeviljen heile tida skal gjennomsyre dei planer og tiltak som ligg til grunn for utviklinga av samfunnet vårt. Altså, grunntanken er at folket ikkje berre skal velje nokre representantar kvart fjerde år, og deretter overlate alt til dei utan å bry seg meir. Tvert imot er det slik at eit levande lokaldemokrati er eit samspel mellom dei som skal styre og dei som blir styrt. Dersom ikkje dette samspelet finst vil demokratiet forvitre til eit skinndemokrati. Og fasiten er slik: Om politikarane er i utakt med folket så er det politikarane som må vende om – ikkje folket.