Dette lesarinnlegget er skrive av stortingsrepresentant Heidi Greni (Sp):

«Fullt mogleg å gjere om på Kinn-vedtak»

Det har vorte hevda at folkeavstemminga om Kinn kommune i Vågsøy ikkje har noko for seg fordi Stortinget alt har gjort vedtak. Dette er kort og godt ikkje rett.

Stortinget kan når som helst endre sine vedtak dersom det er fleirtal for dette. Føresetnaden er at folkeavrøystinga gjev ei fleirtal på minst 50,1 prosent mot samanslåinga og at Vågsøy kommunestyre følgjer dei demokratiske prinsippa og gjer vedtak i tråd med det. Det same må det vere om det vert 50,1 prosent for Kinn kommune. Vert det fleirtal for samanslåing så er grunnlaget for å ta saka opp på ny ikkje til stades.

Vert det fleirtal mot samanslåing må Vågsøy senda ein søknad til Kommunaldepartementet, eller det må samarbeidast med partia på Stortinget, slik at det vert fremja forslag om omgjering. Under denne handsaminga må det leggast vekt på kva folket vil og kva som var tilrådinga i forhold til intensjonane i kommunereforma. Kinn står neppe fram som noko lysande eksempel i så måte.

Kinn utgjer ikkje ein samanhengande bu- og arbeidsmarknadsregion, og geografien tilseier at tenesteproduksjonen ikkje vil bli effektiv. Dette var påpeika både av Fylkesmannen og av tidlegare Kommunalminister Jan Tore Sanner.

Kommunesamanslåingar har vorte omgjorde av Stortinget også tidlegare, t.d. vart Hole vedteke gjenoppretta som eigen kommune etter samanslåing med Ringerike. At statsråden og enkelte stortingsrepresentantar har uttalt at vedtaket om samanslåing av Vågsøy og Flora ikkje kan gjerast om, er meir eit uttrykk for at dei ikkje ønskjer å høyre på innbyggarane i Vågsøy. Stortinget står fritt! Dette er viktige å få fram i den lokale debatten i Vågsøy.

Folket i Vågsøy bør nytte røysteretten sin den 11.6. Så er mitt råd at kommunestyret følgjer opp resultatet av folkerøystinga og ber om omgjering av Stortingets vedtak i 2017.