Dette innlegget er skrive av Nils Myklebust.

Svar til Olav Sølvberg på innlegg av 1.6.2018

Du er tydelegvis fortvila over at dei som er ueinig med deg ikkje har sett seg godt nok inn i saka til å ta eit standpunkt.

Så vil eg seie, eg har alltid vorte godt behandla av folk i Florø, så det er slettes ikkje det som er grunnen til at eg er motstandar av denne samanslåinga til Kinn kommune. Har i mange samanhengar tala sterkt for at vi burde ha eit større samarbeid med Florø, men det er utifrå felles behov og ikkje utifrå luftige idar og ynske.

Du spør om Vågsøy vil klare seg aleine, svaret er klart ja.

Så spør du om fordelane. Dei er mange, nærheit til brukarar på alle plan. Ein mykje meir kostnadseffektiv kommune. Vågsøy er i dag ein moderne kommune på dei fleste område. Men det har kosta og det kan sjå ut som økonomien er skral, men der er investert betydelege beløp i modernisering som vil gje vinstar på lang sikt.

Ingen kommunar vil ha såkalla god økonomi, heller ikkje Kinn. Og det vil til ei kvar tid være heilt nødvendig å foreta prioriteringar, spørsmålet er kven som skal foreta disse, er det folkevalde i Vågsøy som kan skiftast ut kvart fjerde år eller er det eit fleirtal i Kinn som Vågsøy sine innbyggarar har avgrensa innflytelse på.

Du spør om konsekvensane av Bryggja, den vert den same uansett Vågsøy eller Kinn, men det spørsmålet må du rette til dei som har ansvaret for vedtaka som førde oss dit.

Så seier du at vi må stikke fingeren i jorda og sjå kor vi verkeleg står i dag. Ja, her er vi heilt einige, berre vi kunne sette den i same jorda.

Det som ja-sida lite vil snakke om er kva auka kostnader det vil medføre å drifte Kinn. Kvifor trur du at fellesnemnda bevilga 400 tusen kroner til dei politiske partia  for å slå seg saman og ha nominasjonsmøta, kan du finne noko betre erkjenning av at dette vil verte kostbart å drive?

Kva trur du at dette vil koste også administrativt i tillegg til lønsutjamninga?  Å underkjenne dette er ikkje å stikke fingeren i jorda, det er å stikke hovudet i sanden.

Ein ting er 100 prosent sikkert - Norled og Fjord 1 tener godt på dette.

Kvifor skal ikkje Vågsøy og over 250 andre kommunar i Norge få vilkår som gjer dei i stand til å yte gode tenester?

Det vert hevda at vi må slå oss saman for å yte betre tenester, men vi har gode tenester til innbyggarane i dag, det å då verte endå betre er sjølvsagt noko som alle ynskjer, men ingen kan vise til at det stemmer, verken regjeringsoppnemnte utval eller forsking, så denne påstanden om at vi må slå oss saman for å verte gode, dette saknar ei kvar rot i verkelegheita.

Så er vi einige om følgjande: tenk nøye gjennom saka og nytt stemmeretten.