Dette innlegget er skrive av ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad, og er eit kort svar til Jostein Eimhjellen sitt innlegg.

Svar til Eimhjellen

Når det gjeld påstanden om brevet om arbeidsgjevaravgift til kommunalministeren, kan eg sjå at formuleringa om næringslivet kunne ha vore meir presis. Det burde gjerne ha stått at store deler av lokalt næringsliv støttar kommunesamanslåinga. Eg skal i møte med kommunaldepartementet om denne saka førstkomande måndag, og skal sørge for å presisere dette.

Når det er sagt, vart brevet lagt fram for fellesnemnda 17.04.18 av Terje Heggheim, før det vart sendt. Det kom ingen innvendingar. Eg har heller ikkje blitt kontakta av næringslivsaktørar som føler seg urettvist omtalt i brevet.

Dei andre påstandane i innlegget vel eg å ikkje kommentere