Martin Hagen frå Kvalheim har skrive dette lesarinnlegget:

«Yngrebølga»

Dette er eit litt annleis innlegg, eg kjem til å dele litt av mine opplevingar, eg kjem sikkert til å provosere nokon litt, og det viktigaste av alt, eg kjem til å bruke ytringsfridomen eg har.

Eg er 24 år, utdanna samfunnsøkonom og studerer no innovasjonsleiing. I samfunnsøkonomien lærte vi om korleis ting heng saman i mellom enkeltpersonar sin privatøkonomi, kommuneøkonomi, fylke, statsøkonomi og verdsøkonomi.

Det handlar i praksis om korleis vi gir mest mogleg velferd og gode tilbod til innbyggarane med dei pengane vi har til rådigheit. Det handlar om etikk, miljø, landbruk, vegar, fiskeressursar, helsetenester, kulturlandskap og så vidare, i møte med statlege investeringar.

At eg har utdanning innan desse samanhengane og korleis samfunnet fungerer med økonomi, velferd, samfunnsstrukturar og politikk ville blitt brukt i mot meg i ein Facebook-debatt, derfor nemner eg det sjeldan.

I løpet av det siste et og et halvt året, har eg brukt svært mykje tid på lokalpolitikken. Eg har lest side opp og side ned med artiklar og rapportar og satt det i samanheng med kva som skjer rundt oss, med regionalpolitikk og statleg politikk.

I ei periode i vår brukte eg bortimot all fritid på å jobbe for å forsøke å snu debatten, på å svare sakleg og argumenterande til Facebook-troll som går til personangrep på folk og ofte er langt over streken, vaksne folk som kallar ordføraren og lokalpolitikarane våre for det eine og det andre.

Eg pusha politikarar i Vågsøy, eg kommuniserte med ordførar i Florø, med lærarar, med folk frå næringslivet, med utflytta ungdommar og fleire lokale eldsjeler. Facebook-sida «Heia Kinn» kom som eit direkte resultat av kor ufine og harde kommentarfelta var blitt. Ein kunne ikkje sei noko positivt utan å bli fullstendig slakta. I denne perioden prioriterte eg vekk andre ting for å skrive artiklar og jobbe for denne saken.

Å delta i debatten har gjort meg nervøs, stressa, sint og frustrert. Det har gjort meg skikkelig sliten i periodar, men eg har kjempa for mi eiga framtid, eg har kjempa for at Vågsøy skal ta eit val som gjer ei positiv utvikling i staden for å berre vere «godt nok». For det er det ikkje.

Det er ikkje godt nok at mange utviklingsprosjekt ligger i skuffa hos kommunen i fleire år før det blir realisert, det er ikkje godt nok at det tok nesten 25 år å utvikle nye bustadtomter på Amondamarka i Måløy, det er ikkje godt nok med eit «stabilisert folketal» der prosenten eldre går i taket, det er ikkje godt nok når ungdommen ikkje flyttar heim!

I møte med eldrebølga er det viktig å utvikle seg, det er viktig med ny teknologi, det er viktig med moderne og gode sjukeheimar og fleire sjukepleiarar. Men det stoppar ofte der.

Med ein pressa kommuneøkonomi må ein handtere denne situasjonen. Då er det veldig lett at ein går inn i ein sjukeheim eller institusjon og ser kor ein kan spare ressursar, korleis ein kan drifte meir effektivt innanfor dei same rammene med fleire og fleire pasientar. Eit stort sparepress.

Dette resulterer ofte i totalt overarbeida helsepersonell, nokre av dei yngre som jobbar der sluttar kanskje og får seg sin annan jobb eller flyttar, ein får sjukmeldingar, og ein må gjerne ut i lokalavisa og seie i frå om at ein slit med rekrutteringa.

Så kor ligg problemet her? Økonomi? Rekruttering? Bildet er sjølvsagt samansett, men eg vil dele det i to viktige delar.

Den eine delen er at ein må sjå kva ein kan gjere for å få overført fleire ressursar til helsesektoren. Med den økonomiske situasjonen kommunen står i no, må det skje gjennom ei kommunesamanslåing der ein kan flytte meir ressursar over til helsesektoren. Ein må også handtere høgare krav til riktig fagkompetanse og treng derfor større fagmiljø. Leiarstillinga for denne sektoren, den største sektoren i Kinn, skal no leggast til Måløy!

Den andre og aller viktigaste delen er ofte den som blir litt gløymt. Ein må jobbe for å få folk til å flytte hit og arbeide. Då er ofte tanken at det viktigaste berre er å gi gode tilbod i jobben. Ein skal ikkje berre jobbe, ein skal bu, ein skal ha ei fritid. Ein må også jobbe med bulyst-tiltak!

Skal ein møte eldrebølga, så må ein gjere alt av digitalisering, bygge nok sjukeheimsplassar og så vidare, men det aller viktigaste er at ein må få ungdommen til å flytte heim. Det er vi som sit med den digitale kunnskapen, det er vi som skal jobbe med dei eldre, det er vi som skal gi kommuna inntekter!

Svaret på eldrebølga må derfor vere å jobbe knallhardt med utvikling av plassen, med sentrumsutvikling, med boligtomter, med planarbeid for bedrifter, med aktivitet som gjer det lettare og meir attraktivt å flytte heim!

Får ein folketalsvekst så aukar overføringane til kommunen og det blir meir ressursar til å drive, lettare å rekruttere og lettare og utvikle betre og meir spennande tilbod i kommunen.

Eldrebølga skal handterast, men yngrebølga må skapast!

Når eg har engasjert meg i saken har eg fått høyre at eg ikkje bur i kommunen en gong, så kvifor skulle det eg seie ha noko å bety? Dette har kome frå personar eg kjenner godt, og det overraska meg eigentlig. Vi engasjerer jo oss for plassen vi har vakse opp, plassen vi skal flytte heim til en dag, plassen vi håpar å komme tilbake til. Eg studerer i Oslo og har både adresse og stemmerett i Vågsøy.

Slik det er no, så er mange unge utflyttarar så dritlei av negativiteten, personangrepa, usaklegheiter, og latterliggjeringar som «det finst ikkje et einaste godt argument», uthenging av politikarar og mykje meir - og seier at denne negativiteten gjer at dei ikkje får noko lyst til å flytte heim og kanskje aldri kjem til å gjere det. Dette er alvorleg.

No skal vi faktisk få ei eiga stilling som jobbar med innovasjon og utvikling, med kontor i Måløy, vi skal faktisk få ei plan- og næringsavdelinga som er effektive og fremmar utvikling. Det er dette som skal til for at ungdommen flyttar heim og lagar nye jobbar. Det må vere lett å etablere nye selskap, det må vere lett å bygge seg hus, det må vere fleire tilgjengelege bustadtomter, det må vere eit meir attraktivt og levande sentrum.

Om ein ikkje blir ein del av Kinn, så er det sannsynleg at høgt utdanna ungdom aldri kjem til å flytte heim. Vi må ha jobb, vi må ha tilbod og vi må ha eit levande sentrum!

Konkurrenten er ikkje Eid, Stryn eller Florø! Konkurrenten er Oslo, Bergen og Trondheim! Derfor må ein høyre på dei yngre! Kva skal til for at vi flyttar heim.

Eit av dei yngste kommunestyra på en del år har bygd ein ny ungdomsskule som er en av dei finaste i Norge og dei har vedtatt at vi skal slåast saman med ei anna kystkommune for å satse på kysten. Dei har teke ansvar for utviklinga og for at staden skal utvikle seg! Dette skal dei vere stolte av.

Ungdommen i ungdomsrådet vil at vi skal inn i Kinn, dei aller fleste utflyttarane eg har snakka med vil inn i Kinn! Vi treng denne utviklinga, vi treng eit nytt håp, vi treng meir optimisme og vi treng ei kommune som ikkje berre driv samfunnsdrift, men jobbar aktivt for samfunnsutvikling.

Derfor er eg så glad for å vere frå Kvalheim. Kvalheim har alltid vore flinke på å sleppe til dei yngre stemmene, musikktalenta og er ei bygd som har tatt tak i si eiga utvikling, bygd ballbinge, pussa opp grendehuset, arrangerer aktivitetsdag for alle barn og som resultat har fått ein folketalsvekst med fleire småbarnsfamiliar! Her har ein klart å skape si eiga vesle yngrebølge. Kvalheim har skjønt det, høyr på ungdommen! Bygda er heller ikkje heilt unik. Sjå berre på alt som skjer i Refvik, Eikefjord, øyane i Flora, gjengen bak Heim i haust på Raudeberg, eller det nye bygdelaget i Deknepollen. Det fins mange offensive initiativ, men skikkeleg vekst krev også ei offensiv kommune.

Norge har samla seg og jobba fram fridom til å ta tak i eiga utvikling og etablerte eit godt representativt demokrati med menneskerettar, ytringsfridom og ein av dei beste velferdsmodellane i verden, der vi stemmer fram politikarar som skal ta avgjersler til det beste for kommunen og velferda den skal produsere for innbyggarane. Eit representativt demokrati.

No må kysten av Sogn og Fjordane gjere det same! Vi må samle oss om ein sak, utvikle nye båtsamband, nye vegar, forskningsenter, næringsareal, nye boligfelt, attraktive sentrum og nye tilbod i bygdene!

Kysten har i dag stort mangfald, folk som snakkar mange ulike språk, skaper nye spennande arbeidsplassar, folk som tør å seie kva dei meiner. La oss satse og skape ei yngrebølge for å bringe samfunnet vårt vidare og ha råd til å fortsatt gi gode tenester til innbyggarane.

Stem på yngrebølga! Stem ja til Kinn.