Notatar frå ein koronakarantene

– Alt måtte stenge. Her var det ingen ting halvvegs som at ein kunne få halde ope til halv ni

Fjordenes Tidende sin spaltist, Jarl Wåge, var på Gran Canaria då koronaviruset trefte verda. Etter streng karantene der, kom han seg endeleg heim til nye 14 dagar i karantene i Norge. I ein kommentarserie deler han no smått og stort frå livet i koronakarantene.

Fjordenes Tidende sin spaltist, Jarl Wåge, var på Gran Canaria då koronaviruset trefte verda. Etter streng karantene der, kom han seg endeleg heim til nye 14 dagar i karantene i Norge. I ein kommentarserie deler han no smått og stort frå livet i koronakarantene.   Foto: privat

Kommentarer

Karantenedagbok 1

Det var den tida eg gjekk rundt i Las Palmas og kjende sola varme. I år, som dei tre åra før, tilbrakte eg tre månader av vinteren som klimaflyktning i det som har blitt ein av mine desiderte favorittbyar.

Ute i verda stal koronaviruset meir og meir merksemd. På vår øy følte vi oss trygge. Berre tre registrerte tilfelle. Turistar frå Italia. Så to til. Nederlendarar. Til den spanske statsministeren, Pedro Sánchez, ein dag såg oss djupt inn i auga frå tv-skjermen. «Estado de alarma», sa han. «Unntakstilstand. Om to dagar må vi dessverre stenge Spania.» «Ja, særleg», tenkte eg. «Prøv å stengje eit land med nærmare femti millionar innbyggjarar, du! Så skal vi sjå korleis det går.»

To dagar seinare var Spania stengt. Bokstaveleg talt. Alle måtte halde seg innandørs. Bortsett frå dei som var nøydde til jobbe for å halde samfunnsmaskineriet i gang. Resten av oss, titalls millionar, hadde ganske enkelt portforbod, Det einaste vi fekk lov til, var å handle mat og medisinar. Alle andre butikkar og serveringsstader måtte stenge dørene. Der og då. Her var det ingen ting halvvegs som at dei kunne få halde ope til halv ni.

Eg måtte sjå på livet i gatene frå terrassen min i sjuande etasje. Berre det at det ikkje var noko folkeliv å sjå. Byen ned 400.000 innbyggjarar var folketom. Alle andre spanske byar òg. Politiet var overalt og sjekka at dei som gjekk eller kjørte bil, var ute i lovleg ærend. Var dei ikkje det, var det rett heim. Kanskje med ei sviande bot.

Fjordenes Tidende sin spaltist, Jarl Wåge, var på Cran Canaria då koronaviruset trefte verda. Etter streng karantene der, kom han seg endeleg heim til nye 14 dagar i karantene i Norge. I ein kommentarserie deler han no smått og stort frå livet i koranakarante.   Foto: Tommy Ellingsen

Dei einaste gongane eg såg folk, var klokka sju kvar kveld. Då byrja nokon å klappe på ein terrasse. Spontant dukka klappande menneske opp på alle terrassar og i alle vindu. Applausen var varm og hjarteleg. Folk ropte «bravo» og «gracias». Ein hyllest til alle dei som tappert står på dag og natt for å halde Spania i gong.

Personleg følte eg meg etter kvart fanga. Eg som er avhengig av å vere ute og gå, var koronafast i mi eiga vesle leilegheit. Ein dag fann eg ut at eg kunne legge ut på tur heime. Eg planla ei runde rundt i alle rom og på terrassen. Når eg utnytta kvar krik og krok, blei den på 80 skritt. Deretter laga eg video som eg delte på Facebook og Twitter for å vise «landskapet» eg skulle gå gjennom. Som tips og inspirasjon for andre. Eg gjekk i ein time og ti minutt. 4 kilometer.

Men no hadde eg lyst heim. Uvissa med om flyet eg hadde plass på i april, kom til å gå, gjorde at eg ville booke om og komme av garde tidlegare. Bennet Måløy skaffa meg plass med Norwegian via London til Stavanger 18. mars. Det blei kansellert. Ny billett søndag 22. til Oslo. Den òg kansellert. Eg byrja å tvile på om eg kom meg heim i det heile tatt. Då ringde Gudrun frå Bennet og sa: «Du har fått siste setet med SAS, fullpris, til Oslo fredag 20. mars. Vidare til Stavanger neste morgon. Du må overnatte på hotell på Gardermoen.» Det kosta skjorta, og eg kunne ha forgylt henne.

Tida snegla seg av garde. Eg venta på ny kansellering. Men eg pakka og gjorde meg klar. Fredag morgon våga eg å bestille taxi. Til klokka 14:00. Han køyrde meg til ein kaotisk flyplass. Tusenvis av menneskje. Tett i tett. Ein og ein halv time i kø for å sjekke inn. Eg som hadde vore i trygg karantene i Las Palmas, følte det var virus overalt. Som flaggermusflokkar såg eg dei for meg sveve gjennom adgangshallen.

Men sjå om eg ikkje presis klokka 17.00, med maske for andletet og latexhanskar på hendene, sat på flyet med nasa vendt mot Noreg. Ut av ein karantene. På veg inn i ein annan.