Notatat frå ein koronakarantene

– Koronaviruset spør ikkje etter legning eller kjønn. Det diskriminerer ikkje. Denne gongen er det ikkje dei og oss. Det er kven som helst

Fjordenes Tidende sin spaltist, Jarl Wåge, var på Gran Canaria då koronaviruset trefte verda. Etter streng karantene der, kom han seg endeleg heim til nye 14 dagar i karantene i Norge. I ein kommentarserie deler han no smått og stort frå livet i koronakarantene.

Fjordenes Tidende sin spaltist, Jarl Wåge, var på Gran Canaria då koronaviruset trefte verda. Etter streng karantene der, kom han seg endeleg heim til nye 14 dagar i karantene i Norge. I ein kommentarserie deler han no smått og stort frå livet i koronakarantene.  Foto: privat

Kommentarer

Koronadagbok 5: Risikogruppe

Det kom bod frå Kina om at eit nytt virus hadde dukka opp i Wuhan. Ein by med elleve millionar innbyggjarar som eg aldri hadde høyrt om før. Men Kina er jo så søkkjande langt vekke, så dette var ingen ting å ta på veg for. Glad og fornøgd emigrerte eg til Las Palmas for tre månadar. Men viruset hadde ikkje vett til å halde seg i Kina. Det spreidde seg som eld i tørt gras. Også til soløya i Atlanterhavet.

Det kom med ein bodskap som stadig blei gjentatt: «Alle over 65 år er risikogruppe.» Kvar gong eg høyrde det, var det som det rann ein iskald dråpe nedover ryggrada mi. Eg var i fare.

Vel heime i gamlelandet igjen, og i karantene her òg, visste eg at faren ikkje var over. Eg kjende på ein diffus angst. Til eg ein dag tok meg sjølv i nakken og gav meg ei skjennepreike: «Ta deg saman», sa eg. «Er ikkje mottoet ditt at dei fleste problema dine blir det ingen ting av? Du skal prise deg lykkeleg som har hatt eit langt, godt, utfordrande og spennande liv. Og skulle det verste skje, ja, så kan du ikkje gjere noko frå eller til!» Pep-talken har faktisk hjelpt. Eg har funne ein indre ro og trivst faktisk med karantene-livet.

Gav seg sjølv ei skjennepreike: – Du skal prise deg lykkeleg som har hatt eit langt, godt, utfordrande og spennande liv. Og skulle det verste skje, ja, så kan du ikkje gjere noko frå eller til!» Pep-talken har faktisk hjelpt. Eg har funne ein indre ro og trivst faktisk med karantene-livet.  Foto: privat

Koronapandemien er forresten ikkje den fyrste pandemien eg er midt oppe i. På 1980-90-talet ramma Hiv-epidemien verda med full kraft. På verdsbasis har godt over 35 millionar menneske døydd av Aids. Til å byrje med trudde mange det bare var homofile som blei ramma. Så eg var i risikogruppa den gongen òg. «Homopesten» blei han kalla, epidemien. «Det er Guds straffedom mot homofile», sa religiøse leiarar verda over. Dei snakka aldri om «heteropesten» då det viste seg at det internasjonalt var flest heteroseksuelle som blei ramma.

Hiv-epidemien har på mange måtar vore ulik koronapandemien. Den involverte alle slags tabu. Sex, rus, blod, død. Det var mykje skam, hemmeleghald og stigma. Menge levde (og døydde) med viruset utan å fortelje det til ei sjel. Det blei ofte dikta opp andre dødsårsaker om eit familiemedlem døydde av Aids..

I to år var eg dagleg leiar i ein organisasjon for Hiv-positive. Fekk det heile tett inn på livet. Såg flotte, sterke menneskje bukke under og dø. I løpet av dei to åra døydde bortimot 70 menneske eg kjende. Mange av dei nære vener. Det var som å vere i ein krigssituasjon der det stadig kom inn melding om nye falne. Dei var krigarar som kjempa på mange frontar, men same kor modig og hardt dei sloss, kunne dei ikkje sigre.

Nyleg fortalde den verdskjende skodespelaren Tom Hanks at han var korona-smitta. I 1993 sat eg på kinoen i Volda og hulka då eg såg same mann på fantastisk vis tolke hovudrolla i filmen Philadelphia. Han spelte ein suksessrik advokat som fekk sparken i eit velrenommert advokatfirma då det kom fram at han var homofil og hiv-positiv. Og eg tenkjer: «Om Hanks sjølv hadde vore hiv-positiv på 1980-talet, hadde han vore like open om det som med korona-smitten?»

Eg har eit hav av tid til å tenkje i karantene-tilveret mitt. Blant anna på mange eg kjende den gongen; den eminente ballettdansaren, innvandrarkvinna som hadde flykta frå opprørssoldatar med dei fire barna sine, presten som var livredd for at kyrkjelyden skulle få vite noko, direktøren, ho som blei smitta av mannen sin. Alle døde.

– Koronaviruset spør ikkje etter legning eller kjønn. Det diskriminerer ikkje. Denne gongen er det ikkje dei og oss. Det er kven som helst.   Foto: privat

Koronaviruset spør ikkje etter legning eller kjønn. Det diskriminerer ikkje. Denne gongen er det ikkje dei og oss. Det er kven som helst. Eg var heldig den gongen. På mirakulaust vis slapp eg unna.

I skrivande stund har 30.000 menneske døydd av koronaviruset. Lat oss inderleg håpe at dødstala aldri nokon gong blir så dramatiske som for hiv-epidemien. Ein epidemi som aldri fekk i nærleiken så mykje merksemd som det skremmande korona-viruset som no herjar med kloden vår.