Ein hyllest til Nordfjord

– Berre 17 år av livet mitt har eg budd i Nordfjord. 17 av 73 år. Likevel er eg nordfjording når nokon spør

Denne kommentaren er skriven av Jarl Wåge og er ein hyllest til vakre Nordfjord. Dette bildet er frå Honningsvåg.   Foto: Jarl Wåge

Kommentarer

Denne kommentaren er skriven av Jarl Wåge og er ein hyllest til vakre Nordfjord.

Ein hyllest til Nordfjord

Nordfjorden er i slett lune, opprørt og mørk i hu. Han blir jaga av stormar og piska av regn. Noko ho må leve med denne hovudpulsåra som skjær seg 106 kilometer gjennom landskapet. Frå ytst i havgapet til inst i Loen. Enda mange fleire kilometer om vi reknar med fjordarmane som sprikjer i alle retningar.

Lodalen.   Foto: Liv Hilde Gotteberg

Dei blir gjennombarka av vêr og vind folkeferdet som bur der. Tek det heile med stoisk ro når regnet kjem på tvers i dagevis. Fordi det er slik det er i nokre av dei mest vêrharde traktene av landet. Eller dei går på veggane, lurer på kva pokker dei gjer i denne gudsforlatne landsdelen og lengtar etter mykje lys og mykje varme.

Men så ein vakker dag har regnet fått oppdrag andre stader, og stormane har bestemt seg for å blåse av prosjektet og dra vidare på nye tokt. Og for ein vakker dag det er! Fjorden har med eitt endra lynne. Viser fram godvêrsandletet. Uskuldsblått, mildt, vennleg, spegelblankt, gullglitrande.

Menneskja endrar òg karakter. Endeleg kan dei pakke seg ut av allvêrsuniformane, senke skuldrene, opne opp, vise fram smilet. Det er dette det handlar om. Dagar som er som vitamininnsprøyting og får ein til å gløyme regnet, blesten og skyer som heng som blytunge hetter nedover fjelltoppane. Det er dette som gjer at ein held ut.

Kvernhusa på Kråkenes.  

Dette er ein hyllest til regionen Nordfjord. Til fjorden. Til menneskja som bur der, som kavar og slit, vågar å satse og held samfunnsmaskineriet i gong. Til ein av dei flottaste dialektane i landet (som blir ein av dei styggaste når folk knotar han til og prøver å snakke «pent»). Til naturen. Fyrst og fremst til den useieleg vakre naturen.

Berre 17 år av livet mitt har eg budd i Nordfjord. 17 av 73 år. Det er ikkje mykje. Likevel er eg nordfjording når nokon spør. Alltid. Stolt Nordfjording. Langt inn i ryggmergen. Det er identiteten min. Den eg er. Det er dit eg reiser når eg reiser heim. Og eg reiser heim fleire gongar i året. Det er på desse reisene det har gått opp for meg kor slåande vakker Nordfjord kan vere.

Flatraket 

Det er ofte slik at ein ikkje heilt oppdagar venleiken rundt seg når ein er midt oppe i det heile tida. Det er så mange andre ting å vere opptatt av. Så mange plikter, oppgåver, så mykje stress, så mange kvardagar som stel merksemda.

Ikkje sånn for meg. Eg er pensjonist. Har ikkje så mykje anna å gjere enn å legge merke til, dra på oppdagingsferder. I tillegg er vi fleire glade amatørfotografar i familien. Kanskje blir det slik at når vi saman jaktar på spektakulære motiv, så legg vi enda meir merke til det som er fint.

Vedvik 

Nordfjord byr på unike perler. Eg klarer aldri å bestemme meg for om det er Ytre eller Indre Nordfjord som byr på dei største naturopplevingane. Kvalheim, til dømes. Noko av det finaste eg veit. Ikkje sjølve bygda, kanskje. Det er heile pakken. Turen opp og over fjellet til Kråkenes. Den magiske utsikta. Til Hornelen, Stalbrekka, Torskangerpollen, Hendanes fyr, Klovningen. Og det uendelege havet som omfamnar det heile.

Utsikt frå Kvalheim.  

Kråkenes. Bygda som ligg der vegen sluttar. Kvernhusa, den vesle gravplassen, fyret. Og det uendelege havet som omfamnar det heile.

Utsikt frå Kvalheim. 

Refvikvatnet.  

Eigentleg er det berre dumt å byrje å rekne opp namn. Det er ikkje plass til å nemne alle stadane. Men eg kjem ikkje utanom Refvik og stranda der. Eller Stadhalvøya. I sommar oppdaga eg Honningsvåg der tunnelen inn til bygda er lysregulert.

Honningsvåg. 

Og vi køyrte Nordfjord på langs. Frå ytst til inst. Ei oppleving i seg sjølv. Eg har tidlegare vore i fabelaktige Briksdalen og stoppa på Yrineset. No fekk eg oppleve Lodalen for fyrste gong.

Lodalen. 

Han gjorde eit uutsletteleg inntrykk på meg. Vill og farleg vakker med høge fjell på alle kantar. Den overtrafikkerte, smale vegen innover langs smaragdgrønt spegelvatn. Vatn som ikkje alltid har spegla seg. Som reiste seg som ein frodande tsunami då svære steinmassar raste ned i det. Steinmassar som forårsaka ei flodbølgje som slukte alt som kom i hennar veg. To gongar skjedde det. I 1905 og 1936. Ufattelege 135 menneskje mista livet i tragediane.

Inst i dalen kan vi sjå restane etter dei to rasa frå det 1493 meter høge Ramnefjell som ei diger halvøy i innsjøen. Det går ein «meditasjonssti» ned til vatnet der. Midt nede i bakken ligg eit vrak etter ein båt som bølgja kasta langt opp i lia. På ras-toppen står ein minnekross. Nede ved vatnet er det stille. Heilt stille. Og så vemodig vakkert at det nesten ikkje er til å fatte.

Korset på Ramnefjell.  

« … denne forunderlig by som ingen forlater før han har fått merker av den …» skreiv Knut Hamsun om Christiania i innleiinga av romanen «Sult».

«Lodalen, denne forunderlege, vidunderlege dal eg ikkje kunne forlate utan å få merke av han,» seier eg. Inntrykka jobbar i meg framleis, og eg veit at eg må attende dit.

På same måte som eg alltid må tilbake til Nordfjord, «denne perla av ein fjord eg ikkje kunne forlate utan å få merke av han», og som eg har hatt med meg på heile den lange reisa som er sjølve livet.

Ervik.  

Kvalheim.  

Lodalen.   Foto: Jarl Wåge

Kvalheim. 

Utsikta frå ferjekaia på Lote.  

Kvalheim og Kråkenes.  

Lodalen.