Vil vekke interesse for «framtidas bransje» under årets MLAN

Sebastian Fløysand Kvalheim i Måløy LAN fortel at dei vil skape engasjement for programmering under årets dataparty.

Sebastian Fløysand Kvalheim (nr. 2 frå høgre) og resten av crewet på 27 i Måløy LAN er klare for det ellevte datatreffet i rekkja. Her frå MLAN i Turnhallen i Måløy i januar. F.v.: Henriette Fløysand Kvalheim, Andrea Kristine Volle, Mathias Henriksen, Sebastian Fløysand Kvalheim og Kim André Nordbø Beddari.  Foto: Arkivfoto

Kultur

Arrangementet går av stabelen 12. oktober, og Kvalheim fortel at billettsalet går unna.

– Salet går sin gang og vi er godt i rute med alt som skal gjerast i forkant, fortel han.

Kvalheim forklarar at dei gjennom helga skal ha ulike turneringar, og desse må deltakarane melde seg opp til på førehand. Særleg ei turnering har utmerka seg til no.

– Det populære spelet Fortnite har nok flest deltakarar til no, fortel han.

Når det gjeld arrangementet kor ein kan lære å programmere er det ikkje naudsynt med påmelding.

– Her er det berre for deltakarane å møte. Vi har henta inn to proffar frå LocalHost og trur det blir veldig bra, understrekar han.

Nytt av året er at datafesten er flytta til Nordfjordhallen.

– I fjor fekk vi kritikk for liten plass. Det har vi endra på, og no har vi plass til 150 deltakarar, seier han.