Inviterer til konsert på samfunnshuset

Odd-Erik Lothe saman med Kjølsdalen skulemusikk og Kjølsdalen musikklag arrangerer Novemberkveld i Samfunnshuset i Kjølsdalen, søndag 11. november.

Odd-Erik Lothe vil spele saman med Kjølsdalen skulemusikk og Kjølsdalen musikklag på Samfunnshuset i Kjølsdalen, søndag 11. november.  Foto: Odd Inge Rand

Kultur

Det er Kjølsdalen musikklag som melder dette i ei pressemelding. Under konserten vil Lothe spele kjende og kjære songar i ny innpakning, der songane blir spelt med korpsarrangement for første gong.

Kjølsdalen skulemusikk, som Lothe sjølv var ein del av i oppveksten, og Kjølsdalen musikklag vil stille som band.

Norges Musikkorpsforbund er 100 år i år, og 2018 er òg erklært «Musikkorpsenes år». Denne konserten vil bli ein feiring og markering av dette.