Tar sjåarane med heim til trillingsøskena

Av og til er trillingane bestevenner og av og til er dei uvenner og slåst! Foto: NRK 

Kultur

I laudagens episode av Bli med heim får sjåarane møte Erica Trollebø frå Vågsøy.

I programomtalen heiter det at: Erica er alltid saman med søskena sine.


Barna tar sjåarane med seg heim

Den populære NRK Super-serien Bli med heim er tilbake med ein ny sesong. Serien har premiere 21. desember, og der får ein vere med heim til Gabriella, Erica, Ask, Andrea og Sarah Elise frå våre kommunar.

 

Ho er trilling, som betyr at ho blei fødd samtidig som syster og bror sin. Av og til er trillingane bestevenner og av og til er dei uvenner og slåst!

Her kan du sjå alle episodane.