Håpar å få folk opp frå sofaen

Spik adel er blant banda som skal få folk opp frå sofaen og ut på Julesylte på Havly 29. desember.

Julesylte i Bremanger har etter kvart blitt ein populær tradisjon der unge og litt eldre får ei scene å vise seg fram på. Her er nokre av dei som gjekk på scena under Julesylte 2016. Foto: Julianne Flølo 

Kultur

– Julesylte er ein samspelskveld med god musikk, som forhåpentlegvis får folk opp av sofaen og til Havly for å danse og snakke med nye og gamle bekjente, seier Norvall Klungresæter som er med å arrangere årets julesylte.

Klungresæter fortel at Spik Adel og fleire lokale ungdomar skal entre scena i Havly pensjonat i Bremanger.

– Vi får med oss Spik adel, Hans Kristian og Jim Steven, Martin og Badekarane og Vilde Nesbakk.

Klungrsæter fortel at ein har hatt godt oppmøte på dei tidlegare arrangementa på Havly.

– Oppmøtet har stort sett vore bra. I jula er folk heime og kjem seg ut på arrangement. Så vi reknar med godt besøk i år også, seier han.