Held foredrag om Måløyraidet

Det blir foredrag på Måløyraidsenteret torsdag, 3. juledag.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Kultur

I dag, 3. juledag, inviterer Måløyraidsenteret til foredrag om hendingane som fann stad for 77 år sidan.

Foredragshaldarar er Børge og Ørjan Vemmålsvik, som skal fortelje om Måløyraidet sett med Knut Wigert sine auge.

Foredraget er basert på boka Knut, du lyver! Knut Wigert i krig og fred.

– Nytt gjerne høve til eit besøk i resten av senteret, skriv Måløyraidsenteret på sine nettsider.