Skal til USA for å synge bass

Den karakteristiske basstemma til Terje Våge skal låte i Las Vegas når Elvis blir heidra til sommaren.

Frå Vågsøy til Vegas: Terje Våge frå Vågsøy skal neste sommar stå på scena i Las Vegas for å hylle kongen av rock and roll. Arrangementet markerer at det er 50 år sidan Elvis starta sin første store turne etter ei åtte år lang pause frå livekonsertar. Når konsertrekkja i Las Vegas er avslutta tar Terje Våge med seg heile ensemblet frå USA tilbake til heimtraktene og elvisfestivalen i Måløy, for å gjere nøyaktig det same showet. – Dette er ei stadfesting på kvaliteten vi alltid søkjer, seier dei. Foto: Even Ørjasæter  Foto: Even Ørjasæter

Kultur

– Eg vart veldig overraska då spørsmålet kom, og eg drog nok litt på det, men det var mest fordi eg ikkje trudde det var sant. Men det var eigentleg ikkje vanskeleg å bestemme seg. Det er ikkje eit tilbod ein får kvar dag, seier Våge.