Samspel aukar trivselen

For å sikre musikk til 17. mai og julegrantenning samarbeider skulekorpsa i Selje og på Stadlandet.

Skulekorpsa i Selje og på Stadlandet har felles øvingar kvar onsdag, ein gong på Stadlandet og ein gong i Selje. Dette sikrar eit «fullt korps» og større speleglede. Musikantane er i alderen 11 til over 60 år, og korpsa tek gjerne imot fleire speleglade. Alle foto: Privat 

Kultur

– Vi hjelper kvarandre. Dei hadde ikkje trommeslagar og ulike instrument som vi har. Med dette fekk vi fylt ut rekkene på øvingane. Utforminga av korpset vart annleis, og vi merkar stor forskjell på ungane. Det vart meir trivsel, seier Ann-Kathrin Ervik, leiar i Stadlandet skulemusikk.