Vart slått på målstreken

Tysdag kveld var Alexa Valentina frå Eid med på programmet All Together Now på TV-Norge. To poeng skilte songaren frå å måtte reise heim og ein finale.

Alexa Valentina var tysdag å sjå i programmet All Together Now. Skjermdump: TV Norge 

Kultur

Programmet handlar om å få «ein vegg» med 100 norske songarar og musikkjennarar til å reise seg å synge med på songen som deltakaren har valt. Talet ekspertar som reiser seg er poengsummen deltakaren får.

Den deltakaren med den høgste poengsummen går rett til finalen, medan nummer to og tre må ut i ein duell der den som overbeviser flest dommarar går vidare.


Hobbyen lever vidare utan Idol

Alexa Melheim måtte onsdag kveld forlate årets utgåve av Idol. Eidaren tar med seg mykje lærdom og erfaring frå deltakinga.

 

Alexa Valentina frå Eid song artisten Gabrielle sin song Ring meg og overbeviste 77 av songarane og musikkjennarane, og endte difor med 77 poeng. 

Den siste songaren i tysdagens semifinale fekk 79 poeng, og 19-åringen frå Eid måtte dermed forlate programmet.