Rocka musikalscena som Curly

Peder Lillestøl Naustdal har tidlegare stått på scena som vokalist i rockebandet Jackbow. I helga debuterte han på musikalscena som cowboy.
Kultur

– Det er to vidt forskjellige verder, og to vidt forskjellige måtar å synge på. I tillegg må ein spele ei rolle etter ei oppskrift, det er mindre rom til å improvisere, seier Naustdal, som hadde ei av hovudrollene i Eid vidaregåande skule sin skulemusikal Oklahoma.