Skal servere gospeltonar i kyrkja

Måndag blir det konsert i Leikanger kyrkje med Angela Primm og pianisten hennar Elsa Harris. Stadlandet Gospelkor er blant dei som har øvd inn eit repertoar som dei vil framføre saman med Primm. Foto: privat 

Kultur

Måndag 11. mars får Leikanger kyrkje på Stadlandet besøk av gospel- songarinna Angela Primm og pianisten hennar Elsa Harris.

Denne kvelden vil Primm og Harris ha konsert saman med dei lokale kora Stadlandet Gospelkor og Frisk Bris. Kora har i vinter øvd inn eit repertoar av gospelsongar som dei vil framføre saman med dei amerikanske damene.

Primm kjem frå Nashville, Tennessee. Ho er kjend frå Bill Gaither’s Homecoming friends, og har fleire gongar delteke på Skjærgårdssang der ho har teke publikum med storm.

Saman med pianisten, som i fleire år har turnert i Norge, vil ho lage gospeltrøkk frå første tone, heiter det i ei melding frå Stadlandet gospelkor.

Elsa Harris har vore i kyrkja før, då Stadlandet Gospelkor hadde sin første konsert saman med Jessy Dixon for 20 år sidan, og det vert eit spanande gjensyn med musikaren frå Chicago.

– Vi håpar mange vil finne vegen til kyrkja denne kvelden for å høyre tradisjonell gospel framført av to av dei fremste innan sin sjanger, i musikalsk møte med lokale kor, avsluttar Stadlandet gospelkor.