Havsalt sommar:

Mektig landemerke

Hornelen med sine 860 meter er rekna for å vere den høgste sjøklippa i Europa, og tek ein turen til toppen ventar ei fantastisk panoramautsikt over det varierte landskapet i regionen. Foto: Privat 

Kultur

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Hornelen med sine 860 meter er rekna for å vere den høgste sjøklippa i Europa, og tek ein turen til toppen ventar ei fantastisk panoramautsikt over det varierte landskapet i regionen. Fjellet ligg heilt aust på Bremangerlandet, og er eit sentralt landemerke tidlegare nytta til navigasjon. Det er også eit segnomsust fjell der det mellom anna vert sagt at Olav Tryggvason har klatra opp fjellveggen. I hovudsak vert to ulike ruter nytta for å komme seg til toppen, og ein bør vere van med å gå i fjellet og ha med seg kjentfolk for å gå turen.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.