Vil skape gild og spinnvill stemning i nabokommunen

Fredag 4. oktober kjem Bremanger Musikklag med band og vokalistar til Nordfjordhallen.

I vår spelte dei same show med fullt hus i Bremangerhallen. No kjem dei til Vågsøy. Arkivfoto 

Kultur

Bremanger Musikklag gjorde suksess med konserten Gildt og spinnvilt i vår. No tek dei showet på turné og kjem først til Nordfjordhallen i Vågsøy.

– Bremanger musikklag er eit janitsjarorkester som tidleg begynte å gå nye vegar med å involvere band og vokalistar, både profesjonelle og andre aktive musikarar frå Bremanger, i prosjekta sine. Musikklaget har fylt Grieghallen tre gonger og har hatt mange konsertar og prosjekt lokalt, fortel Linda Stenseth i musikklaget.

Idar Torskangerpoll har arrangert alle låtane i prosjektet, og er dirigent på konsertane.

– Vi håpar folk kjem og ynskjer publikum hjarteleg velkomen til konsert!