Heim i Haust:

Byr på fest med ReSound og lokale korps

Fredag og laurdag held Heim i haust-festivalen fram med program til langt på kveld.

Ein oktoberfest har etter kvart blitt tradisjonell avslutning på Heim i Haust. I år skal ReSound (bildet) spele under festen laurdag, saman med Ytre Nordfjord Brass. På fredagskvelden er det Torskangerpoll musikklag som underheld.   Foto: Benedikte Flataker

Kultur

Fredag kan dei yngste bli med på aktivitetskveld på Raudeberg skule, før det er konsert med Torskangerpoll Musikklag på kvelden. Nytt av året er at kokkeelevane ved MVS vil servere tapas etter konserten.

– Dette blir ein fredagskveld med lokal underhaldning, fin musikk, god mat og god stemning, seier Edvard Iversen i Aktiv Raudeberg.

Laurdag blir det loppemarknad, Vågsøy RC Lastebil, kafé og meir med Kystkulturlaget, ope skulemuseum, Skarevik barnehage, Vågsøy skulekorps og Vågsøy kulturskule vil underhalde. I tillegg blir det ansiktsmåling, hårfletting og kafé også i kulturhuset. Det blir også mogleg å høyre foredrag med dei lokale bedriftene Naval Consult og Selstad AS, samt direktør i Norec Jan Olav Baarøy, med anar frå Refvik, som skal halde innlegget «Frå Refvik til Uganda».

På kvelden laurdag blir det så oktoberfest i Garasja med Ytre Nordfjord Brass og nystarta vågsøyband ReSound.