Opnar dørene for folk i sorg

Allehelgenssøndag vil alle tre kyrkjer i Vågsøy halde ope på ettermiddagen for sørgjande som ønskjer ein stad å vere eller samlast. Og på kvelden er det allehelgensgudteneste i Sør-Vågsøy kirke. Også kyrkjer i Selje, Bremanger og Eid har ope.

Søndag 3. november er det både allehelgensgudsteneste og opne kyrkjer i Vågsøy. Sokneprest Mari Saltkjel og fleire vil vere til stades for dei som treng nokon å snakke med eller ein stad å vere.  Foto: Fjordenes Tidende

Kultur

– Det er mange som tenner lys ved gravene denne søndagen, og då kan det vere godt å ha ei plass å kome til som ein del av sorgbearbeinga. Her kan ein få kome inn i ei varm kyrkje, tenne eit lys, og samtidig få seg ein kopp kaffi, ein kjeks og berre vere i kyrkjerommet, seier sokneprest i Vågsøy, Mari Saltkjel, som fortel at kyrkja har lang erfaring med å møte og støtte sørgjande.

Det første ein må vite er at all sorg er unik.

– Alle er ulike, og vi sørgjer på forskjellig måte. Sorgarbeid er vanskeleg både for dei som står i det og dei som er rundt dei. Det er vanskeleg å vite kva ein skal gjere og ein held seg kanskje unna eller er veldig forsiktig med kontakt. Det er derfor kyrkja har laga det vi nesten kan kalle ei handbok i sorg, seier Saltkjel.

Her kjem dei med gode råd til folk som kjenner nokon som sørgjer. Eitt av tipsa er å ta ansvar for kontakten slik at ikkje dette blir lagt på den sørgjande. Andre gode råd er: ta initiativ, bryt stilla, vis nærvær, gi rom, vêr tolmodig, gi hjelp i kvardagen, ikkje gløym sorga, hald fram med å minnast, hugs årsdagen og besøk ein minnestad.

– Det siste er viktig. Det er ofte forventa at ein skal klare å gå vidare så fort. Alt er på ein måte gløymt og verda går vidare. Men sjølve klarer dei sørgjande kanskje ikkje å få til kvardagen sin og kjenner seg einsame, seier Saltkjel, som peikar på at ein på søndag kan få kjenne på ein fellesskap om ein ønskjer det.

– Dei tente lysa viser at det er mange som opplever det same og som bryr seg.

Og om ein ønskjer nokon å snakke med vil det vere folk til stades i kyrkjene.

– Men det er ikkje slik at ein må prate med nokon, ein kan også berre vere der, seier Saltkjel, som også understrekar at dette ikkje berre handlar om folk som sørgjer etter dødsfall.

– Vi har alle opplevd tap og sorg. Det kan vere tap av helse, tap av eit familieliv som ikkje fungerer, bestevennen som har flytta eller foreldre som ikkje er saman lenger, seier ho.

Gudstenesta som er om kvelden same søndag meiner ho passar for alle.

– Dei som har mista nokon siste året er spesielt inviterte fordi vi kjem til å lese opp namna på alle som gjekk bort. Men alle er velkomne til ei fin og høgtideleg markering med mykje lys, song og vakker musikk.

Eid kyrkje held også ope laurdag og søndag, og Rugsund kyrkje søndag.

Laurdag 2.11
Alle kyrkjene i Selje er opne for bøn og lystenning kl. 14-17.

– Her er det rom for sakn, for bøn og for håp, seier Nanda María, kyrkjeverje ved Selje-kyrkjene.

Søndag 3.11
Alle kyrkjene i Vågsøy held ope fra 15.00 til 17.00
Sør-Vågsøy kl. 18.00 Allehelgensmesse v/Mari Saltkjel. Kor og solister deltar. Offer til trusopplæring.

Selje kyrkje kl. 11.00 Allehelgensmesse v/ Eli- Johanne Rønnekleiv. Nattverd.
Leikanger kyrkje kl. 17.00 Allehelgensmesse v/ Eli- Johanne Rønnekleiv. Nattverd.

– Dei som har mista nokon av sine sidan førre helsemesse er særleg inviterte, men gudstenestene er opne for alle som ber på ei sorg eller eit sakn, og alle andre som ynskjer å vere med, seier María.

I Selje kyrkje tenner ein lys og nemner namna til dei som er gravlagde i Selje sokn. Frisk Bris deltek også.

I Leikanger kyrkje tenner ein også lys og les opp namna til dei som er gravlagde i Leikanger og Ervik sokn. Marita Bødal Nybakk syng i Leikanger kyrkje.

– Vi treng å gje kvarandre håp, styrke og mot til vegen vidare. Difor samlast vi til gudsteneste – til bøn, song, musikk og ord, avsluttar María.