Ute med ny årbok

– Har mange artige historier

Vågsøy historielag gir ut no si åttande årbok med historier frå kommunen. Og dei er allereie så smått byrja skrivinga til si niande utgåve.

Vågsøy historielag gir ut si åttande årbok med historier frå kommunen, og inviterte til bokslepp på Vågsøy Folkebibliotek i Måløy. Boka er å få kjøpt i bokhandel, samt i nokre matvarebutikkar Her er nokre av bidragsytarane til boka. Liv Hopland /f.v.), Atle Tennebø, Kari Midtgård Råsberg, Bjørn Eide og fremst Johan Kroken. Eide er også leiar i historielaget og Kroken er kasserar.  Foto: Privat

Kultur

– I år har vi mange artige historier å by på, seier Bjørn Eide, leiar i Vågsøy historielag.