Elevane set opp kjend romanklassikar og broadwaymusikal

Årets skulemusikal ved Eid vidaregåande skule har premiere 27. februar.

Kjend historie: Årets skulemusikal frå Eid vidaregåande skule er Little Women. Romanen er også spelt inn fleire gongar som filmar og TV-seriar, og den nyaste filmversjonen går på kinoar lokalt akkurat no. Pressefoto 

Kultur

Broadway-musikalen Little Women er basert på romanen med same namn frå 1869 av Louise May Alcott. Boka handlar om fire søstrer Jo (Sunniva Flaten Brekke), Meg (Marie Jakobsen Lillestøl), Beth (Ingeborg Nord Holmgren) og Amy (Hanna Stautland Taklo) som bur saman med mor si (Ingeborg Myklebust) i Massachusetts, medan faren kjempar i borgarkrigen.

– Jo ynskjer å bli forfattar, men finn det vanskeleg å bli publisert sidan ho er kvinne. Ho avslår også eit frieri frå den unge Laurie (Peder Lillestøl Naustdal) og vil heller ikkje la seg «omdanne» til finfrøken av si rike tante March (Susanne Rønnekleiv). Meg, derimot, er ein romantikar og seier, ja til frieriet frå den litt eldre John Brooke (Andreas Abildsnes).

Andre større roller er Prof. Bhaer (Iver Flyum Bjørlo), Mr. Laurence (Jardar Solheim Bjørke) og Mrs. Kirk (Ida Jansen Bredesen). I tillegg er 24 elevar med i kor, dans og andre roller, skriv Operahuset Nordfjord.

Regissør er Michael Pavelich, koreograf er Candice Bredesen og faglærarar er Toril H. Runderheim og Gislaug Heinum.