Oppmodar alle om å søke fylkeskommunale midlar til kulturbygg

– Det å ha eit forsamlingshus der bygdefolket kan samlast betyr mykje

Eva Marie Pleym oppmodar alle om å søke kulturmidlar frå fylkeskommunen. Det har ho og Refvik bygdelag gjort, med godt resultat.

Eva Marie Pleym oppmodar alle om å søke kulturmidlar frå fylkeskommunen. Det har ho og Refvik bygdelag gjort, med godt resultat.  Foto: privat

Kultur

– Har du eit kulturhus du treng pengar til? No nærmar det seg fleire fristar for å søke midlar til kulturhus, forsamlingslokale eller scener. 1. mars er fristen for å sende søknad til kommunen for å få støtte gjennom staten si desentraliserte ordning for tilskot til lokale kulturarenaer, opplyser Kjetil Høidal i Kinn kommune.