Fører til endringar for Opera Nordfjord

Fylket vil overta statleg ansvar for kultur

– Vi vil ta eit større ansvar for kulturinstitusjonane, seier Stian Davies etter at Vestland fylkeskommune ønskjer å overta statleg ansvar for kulturinstitusjonar.

– Vi vil ta eit større ansvar for kulturinstitusjonane, seier Stian Davies etter at Vestland fylkeskommune ønskjer å overta statleg ansvar for kulturinstitusjonar. Bildet er frå musikalen Little Women ved Eid vidaregåande skule som nyleg var sett opp i Operahuset Nordfjord.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

Fylkestinget slutta seg 4. mars til forslaget om overføring av kulturinstitusjonar i Vestland fylke, slik som utgangspunktet er frå Kulturdeparementet.

Stian Davies er leiar av hovudutval for kultur, idrett og integrering.

– Vi er framoverlente og meiner at overføring av institusjonar innan kulturfeltet til fylkeskommunen er ein demokratireform for fylket og kulturlivet. Det flyttar makten nærmare kulturinstitusjonane. Vi i Vestland fylke kjenner kulturinstitusjonane betre i Vestland enn det Stortinget og ein statsråd i Oslo gjer, seier Davies i ei pressemelding.

Denne overføringa inneber at staten i utgangspunktet ikkje lenger ha eineansvar for finansiering av kulturinstitusjonar. Ansvaret blir no delt i tre kategoriar: Statleg majoritetsansvar, regionalt majoritetsansvar og regionalt ansvar.

Statleg majoritetsansvar

Tre institusjonar skal få statleg majoritetsansvar i Vestland fylke. Det inneber at Den Nationale Scene og Bergen Filharmoniske Orkester skal frå 2021 bli 90 prosent finansiert av staten og 10 prosent av fylkeskommunen. Finansieringa av Carte Blanche skal halde fram som no med 70 prosent frå staten, 15 prosent frå fylkeskommunen og 15 prosent frå Bergen kommune.

Regionalt majoritetsansvar

11 kulturinstitusjonar skal få delt finansiering mellom stat og fylke, med majoritetsfinansiering frå fylkeskommunen. Dette omfattar det nasjonale nettverket av musikk- og scenekunstinstitusjonar, samt musea i det nasjonale museumsnettverket. Det gjeld desse i Vestland:

  • Baroniet Rosendal
  • Bergen sjøfartsmuseum
  • Bymuseet i Bergen
  • Hardanger og Voss museum
  • KODE
  • Musea i Sogn og Fjordane
  • Museum Vest
  • Museumssenteret i Hordaland
  • Kraftmuseet
  • Sunnhordland Museum
  • BIT Teatergarasjen

Regionalt ansvar

Ni institusjonar med sterk lokal og regional forankring blir overført frå staten til fylkeskommunen. Dette gjeld:

  • Fargespill Bergen
  • Det Vestnorske Teateret (tidl. Hordaland teater)
  • Litteraturhuset i Bergen
  • Opera Nordfjord
  • Teater Vestland (tidl. Sogn og Fjordane teater)
  • Statsraad Lehmkuhl
  • Vestlandske teatersenter
  • Bergen Nasjonale Opera
  • Edvard Grieg kor

Finansieringa innan dans, film og det visuelle kunstfeltet er ikkje avklara. Kulturdepartementet skal kome attende med forslag om korleis det skal bli.

Etter forslag frå MDG vedtok fylkestinget at det skal vere likebehandling av samanliknbare kulturinstitusjonane i landet og at dei får lik finansieringsmodell.

Pengeoverføring

Stian Davies understrekar at det følgjer pengar med overføringa.

– Pengane skal flytte frå stat til fylke slik at vi kan løfte kulturlivet meir i Vestland. Dette er ein avgjerande del av regionreforma. Vi fyller regionreforma med innhald, men dette skal ikkje bli ein kvilepute for den statlege kulturpolitikken. Vi treng framleis meir pengar frå Stortinget, men her i Vestland er vi klare til å prioritere kulturlivet, seier Stian Davies.

Saka er framleis til behandling i regjering og Stortinget, og det kan skje endringar frå statleg hald. Endeleg vedtak skjer når Stortinget skal behandle statsbudsjettet for 2021 i desember.

Overføringa av budsjettmidlar og ansvar for kulturinstitusjonar til fylkeskommunane skal skje frå 1. januar 2021.