Korpsa skal spele våren inn

Søndag 8. mars stiller ni korps og ei drilltropp på scena i Operahuset Nordfjord for å spele våren inn.

Vårkonsert: Kjølsdalen skulemusikk står i år som arrangør for vårkonserten til korpsa i Stad kommune. Med seg på scena får dei åtte andre korps og ei drilltropp for å spele våren inn. Her frå det fjorårets arrangement.   Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Vårkonserten har vore ein årleg tradisjon i alle fall sidan 80-talet, då eg sjølv var skulemusikant. Ansvaret for å arrangere går på omgang, fortel leiar Kristin Lefdal i Kjølsdalen skulemusikk som er arrangør i år.

Nytt av året er at også korpsa på Bryggja, Bryggja skulekorps og Ytre Nordfjord Brass skal vere med. Skulekorpsa på Stadlandet og i Selje var også invitert, men kunne ikkje stille. Dermed blir det musikk frå dei to nemnde Bryggja-korpsa, samt Kjølsdalen skulemusikk, Stårheim skulekorps, Haugen skulemusikk, Nordfjordeid skulekorps, Eid musikklag, Hjelle skulemusikk og Ungt korps Eid.

– Programmet viser at det blir et variert og frisk program. Publikum får høyre marsjar og kjende songar for dei fleste. Vi får også lokale innslag med blant anna Song til Stad, skriven av Birger Meland og arrangert av John Inge Sigerland og fleire songar som Idar Torskangerpoll har arrangert, seier Lefdal.

Ho fortel vidare at Thomas Hals skal vere konferansier og at det blir kafé både før konserten og i pausen.

– Dette er ein konsert som passar for alle musikkglade.