Tungrock, lokale artistar og folkemusikk: Sjå heile artistlista til årets festival

– Misjonen vår har heile vegen vore å levere kvalitetsmusikk til folket

Årets Bremanger Rockweekend går av stabelen helga 10. til 12. juli. Då håpar arrangørane at musikkentusiastar frå fjern og nær vil ta turen til Iglandsvik i Bremanger.

Black Debbath er det første bandet arrangørane gjekk ut med.  Foto: LP Lorentz

Kultur

– Misjonen vår har heile vegen vore å levere kvalitetsmusikk til folket, seier Roger Igland til Fjordenes Tidende.

Saman med dei fire andre arrangørane gler han seg enormt til festivalen, og er ivrig etter å fortelje om banda og artistane som kjem. Arrangørane har offentleggjort dei ein etter ein på si eiga facebookside, men er no glade for å kunne gå ut med den samla artistlista til årets festival.

Det første bandet arrangørane gjekk ut med var Black Debbath.

– Med tungrocken si kraft er dei umoglege å argumentere mot. Dei vinn kvar krangel og diskusjon gjennom overdrive volum, groove og samspel, kan ein lese om bandet i ei pressemelding.

Og Igland stadfestar at rockemusikken i år kanskje får sette eit litt tyngre preg på festivalen enn tidlegare år.

– Men Black Debbath er kanskje det tyngste, smiler han.

Reaching Summit, med vokalist frå Kvalheim i Kinn kommune, kjem også til Iglandsvik i juli. Kristoffer Kvalheim er vokalist. Bandet debuterte i juni 2019 og er kjend for å spele energisk og melodisk rockemusikk. Bandet er blant anna blitt anbefalt av P3 Urørt.

«Reaching Summit» er eit anna rockeband som blir å høyre i Bremanger i juli. Desse har blant anna blitt anbefalt av P3.  Foto: Pressefoto

Young Fogertys stiller også i Bremanger Dette bandet er kjend for sine tolkingar av Creedence Clearwater Revival sin musikk. Arrangørane trur bandet vil by på ein forrykande musikalsk festkveld på Havly Bed & Breakfast.

Med sine tolkingar av «Creedence Clearwater Revival» har bandet «Young Fogertys» fått gode tilbakemeldingar.  Foto: pressefoto

Ein seinsommarkveld i fjor samla nokre unge, vestlandske musikarar seg i eit øvingslokale i ein kjellar i hjartet av Oslo by. Resultatet er bandet Fivrell..

– Musikken som så har blitt til, kan skildrast som varm, jordnær og lystig, samtidig feiande rytmisk og lett melankolsk, med finurlege tekstar på kav bremangersk, seier Igland.

Han gler seg veldig til å høyre den første framføringa til Fivrell, og trur at desse unge musikarane kan skape reaksjonar blant publikum.

Dei unge musikarane i «Fivrell» vil ha sin første opptreden på Bremanger RockWeekend.  Foto: pressefoto

Ho som får æra av å runde av heile festivalen, er ingen ringare enn Ingebjørg Bratland. Saman med bandet sitt vil ho spele i Bremangerhallen som den siste artisten på Bremanger Rockweekend.

– Ingebjørg Bratland held eit høgt aktivitetsnivå og er opptatt av å ikkje låse seg i ein definert sjanger. Siste året gav fokus til salmeprosjektet «Til alle tider» saman med Espen Lind. To vellykka turnérundar – 35 konsertar, primært i kyrkjer, som til saman blei sett av oppunder 15.000 besøkjande. I tillegg til utgjeving av det heile på plate og digitalt, skriv arrangørane.

Som siste artist er Ingebjørg Bratland booka inn.  Foto: Isabel Watson