Lyser ut stipend til lokale kunstnarar

Vestland fylkeskommune lyser ut 17 kunstnarstipend og 3 stipend til folkemusikkfeltet i 2020.

Vestland fylkeskommune lyser ut 17 kunstnarstipend á 40.000 kroner og tre stipend til folkemusikkfeltet – eitt stipend på 60.000 kroner og to folkemusikk ung-stipend á 25.000 kroner. 

Kultur

– Fylkeskommunen skal bidra til at det skal vere mogleg å vere kunstnar og å leve og bu overalt i Vestland. Stipenda skal supplere meir prosjektbaserte søknadsordningar. Her ønskjer vi å gje kunstnarar høve til å utvikle kunstnarskapen sin utan å ha utarbeidd eit prosjekt eller ein plan for ferdig kunstverk, seier leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering, Stian Jean Opedal Davies i en pressemelding.