Tar kyrkjekonserten til Oslo og lagar konsert med heile Måløy som arena

Elvisfestivalen i Måløy såg seg nøydde til å flytte årets festival til 2021, men arrangørane vil ikkje la festivaldatoane gå forbi i stillheit. No tar dei kyrkjekonserten til Oslo og nokre dagar seinare blir Måløy gjort om til ein gigantisk konsertsal.

Komiteen med Kim Hjelle (f.v.), Jorunn Totland, Helge Hjelle, Anita Bjerkås Olsen, Jakob Myrestrand og fremst Isak Søraa gler seg til å lage gospelkonsert i Oslo og ein storstilt konsert på lekteren i Måløy. Geir Tharaldsen og Sebastian Fløysand Kvalheim i komiteen var ikkje til stades då bilete vart tatt.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Kultur

– Koronaepidemien har ført til at vi ikkje kan ha så mange publikummarar som vi treng for å lage festival. I tillegg har vi tre tributeartistar frå USA og ein frå England som hadde blitt råka av karantenereglane både på inn- og utreise. Difor kan vi ikkje arrangere festival i år, men vi tenkte at det var for gale om folk skulle gå gjennom ein heil sommar utan litt Elvis, smiler festivalsjef Helge Hjelle.

Saman med styret har han dei siste månadane jobba for å kome opp med eit alternativ. No er løysinga klar, og første post på programmet er kyrkjekonserten «Elvis in church» som blir arrangert i Bøler kirke i Oslo 5. august.

– Der lagar vi ein Elvis-gospelkonsert som vi skal streame via våre nettsider og Fjordenes Tidende til heile landet. Men vi kjem også til å selje 170 billettar. Grunnen til at vi har valt Bøler kirke framfor Sør-Vågsøy kirke er at det hadde ikkje vore økonomisk mogleg å fly eit orkester med tolv mann og korgruppe opp hit for ein konsert for 170 menneske. No kan heile orkesteret spaseret inn i kyrkja frå heimane sine, seier Hjelle.

Han fortel at dei to beste norske tirbuteartistane Isak Søraa og Morgan Voien skal opptre. Dei får selskap av den djupe bassen Terje Våge frå Vågsvåg. Hjelle legg til at kyrkja er utstyrt med PA-anlegg og utstyr til å sende direkte, og at dei dermed sparar ein del pengar på å arrangere konserten der.

Torsdag må så komiteen, artistar og band sette seg i bilen å køyre til Måløy, for laurdag er det klart for Elvistorg i Måløy sentrum.

– Då gjer vi om Torget til eit Elvistorg. Det blir norske og amerikanske flagg, Elvitrailaren kjem, det blir salsboder med effektar, vi skal profilere sponsorar og by på lett underhaldning. Det blir rett og slett god elvisstemning, smiler Hjelle.

Elvistorget blir også ei god opplading til laurdag kveld. Då skal det nemleg skje noko som verken Hjelle eller Måløy sin eigen Elvis, Isak Søraa, kan hugse at har blitt gjort før. Taket av lekteren blir gjort om til ei stor scene og det blir servert ein konsert som skal kunne høyrast i heile Måløy.

På scena skal tributeartistane Isak Søraa og Morgan Vøien stå saman med The Brothers, som består av Isak, Sverre og Espen Søraa, Elviskoret, Måløy Songlag, Sideshow Bob og deira korgruppe.

– Eg har aldri gjort dette før, så det blir ei ny oppleving. Eg må nok lage ein plan for korleis eg kan bruke den spesielle scena som dette er, smiler Isak Søraa.

Planen er ifølge Hjelle å sperre av Torget og selje 200 billettar til konserten som har fått namnet «Elvis i Måløy». Dei som allereie har bestilt hotellrom, båtplass eller plass i gjestehamna til årets festival, og ønskjer å komme til Måløy for å oppleve konserten får reservert billettar når desse blir lagt ut for sal. Avgrensinga er sett for at arrangørane skal halde seg seg til restriksjonane knytt til koronaviruset. Også denne konserten blir streama på Elvisfestivalen sin nettsider og på fjt.no.

– Dette blir ein skikkeleg stor konsert med lekteren som scene. Og med eit gedigent PA-anlegg blir Måløy som ein enorm konsertsal, seier Hjelle.

For målet er nettopp at heile Måløy skal kunne få oppleve konserten frå altanar og opne vindauge. Festivalarrangørane håpar også at folk vil vere med å støtte festivalen.

– I staden for at det blir ein roleg sommar, så går vi igjen inn i ein aktiv dugnadsperiode. For slik er det. Alt blir gjort på dugnad. Difor håpar vi at dei som nyter konserten på avstand eller gjennom streaming også vil støtte gjennom eit bidrag, seier Hjelle, som forklarar at dei vil sette opp eit Vipps-nummer.

– Ein kan sjå på bidraget som ein konsertbillett, legg Jakob Myrestrand i styret til.

– Vi legg ein god del pengar i dette, så for at vi skal lande med begge beina på bakken treng vi publikum si støtte, seier Hjelle.

Han og resten av komiteen er svært glade for at dei no kan presentere planane for Elvis-sommaren.

– Vi ser fram til dette. Det blir ei erstatning for det vi ikkje får. Vi hadde gleda oss veldig til Elvisfestivalen i år, så det vart ein nedtur at vi ikkje fekk arrangere. Men så vart det ein opptur igjen då vi fekk spikra denne ideen, smiler Anita Bjerkås Olsen som sit i styret i Elvisfestivalen.