Fjordenes Tidende si digitale scene

Her får du konsert med Mathilde Isabell, Mana og Linea

Fjordenes Tidende samarbeider no med Parken kulturhus om digitale konsertar med lokale artistar. Her kan du oppleve konserten med Mathilde Isabell Haug, Mana Sørgård og Linea Midtbø Helgestad.

Kultur

Mathilde Isabell er 18 år og kjem frå Raudeberg. Ho driv for det meste med song og musikk, men utanom det er ho mykje med vener og jobbar ein del. Mathilde Isabell har drive med song og musikk heilt sidan ho byrja i barnekoret Barneringen som 5-6-åring på Raudeberg. Ho har også hatt songundervising på kulturskulen og med Margot Kiis.

Mana Sørgård er 14 år og går på Vågsøy ungdomsskule. Han byrja å klimpre på pianoet til onkelen sin då han var seks år. Eit år seinare byrja han på kulturskulen. Der går han den dag i dag og han tar også pianotimar med Frode Helgestad. Mana har også hatt nokre timar digitalt med Julie Falkevik. På fritida si lagar han også musikk.

Linea Midtbø Helgestad på i 10. klasse på Vågsøy ungdomsskule. Musikkinteressa spenner frå jazz frå 50-talet til nye songar. Tidlegare har Linea gått på songskule med Margot Kis.