Jan gav modellskip til museet i gåve

– Det er fantastisk at ein kan samle kulturarven på ein stad der folk i alle aldrar kan komme innom

Laurdag formiddag overleverte eigaren av skipsmodellen av fiskebåten M/S Fiskørn, Jan Saltkjel, skipet til Fiskerimuseet i Måløy som ei gåve. – Eg følte skipet passa inn her. Shetlandsepoken er ein viktig del av historia i Måløy, seier Saltkjel.

Gåve til fiskerimuseet: Saltkjel overrekker gåven til styreleiar MacDonald inne på Fiskerimuseet.  Foto: Andreas Hellenes

Kultur

Skipsmodellen vart laga i forkant av at den opphavlege båten var bygd på eit verft i Vereide i 1951.