Ferietips i Norges vakraste region

Her kan du oppleve lokal kunst og kultur

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Privat

Kultur

På Galleri Frøya i Kalvåg kan ein oppleve lokal kunst gjennom utstillingar og sal av kunstgjenstandar. Galleriet er ope kvar dag utanom måndagar frå 20. juni, fortel innehavar Karin Flatøy Svarstad. Tema i år er tekstil i ulike variantar, og utstillinga «Fra en kvinnes hånd» illustrerer handarbeid til nytte, glede og pryd . Hos Kulturhuset Heimen på Hauge tek Reidun Øvrebotten imot gjester for omvisning eller besøk i utstillinga Minne om Maria etter avtale, og salsutstilling i Galleri Dorthea er open.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.